– Dessverre viser forskinga at jo dårlegare relasjon det er mellom leiar og medarbeidar, di meir vil medarbeidaren mobbast viss dei gjer ein dårleg jobb i auga til leiarane, seier professor Robert Buch ved OsloMet, som står bak ein ny studie om destruktiv leiing.
Studien er utført saman med Geir Thompson og Lars Glasø ved Handelshøyskolen BI. Dei har undersøkt om det var nokon samanheng mellom jobbprestasjonen til medarbeidaren og i kva grad leiaren reagerte med audmjuking, tvang og latterleggjering av sine tilsette – altså ei alvorleg grad av destruktiv leiing.
I studien har nesten 500 tilsette og leiarane deira delteke.
– Eit av dei viktigaste funna tyder på at ein god relasjon mellom leiar og medarbeidar er avgjerande. Leiarar ser ut til å tolerere tilsette som presterer dårleg, dersom dei opplever å ha ein god relasjon til dei, forklarer han
Latterleggjer sine tilsette
Mange arbeidstakarar har opplevd å bli mobba av sjefen. Døme på kva destruktive leiarar gjer, er å utsetje medarbeidarane sine for sinneutbrot. Dei ignorerer ofte sine tilsette, audmjukar dei og latterleggjer dei framfor andre.
Desse leiarane kan også sabotere for sine tilsette og tvinge dei til å gjere ting dei kanskje ikkje elles ville ha gjort.
– Dette rammer både enkelte og samfunnet samla sett, seier Buch.
På kva måte dette påverkar dei tilsette, avheng av alvorsgrada på den destruktive åtferda til leiaren. Konsekvensen kan mellom anna vere psykiske og fysiske plager, sjukmeldingar og dårleg produktivitet.
Lèt dei andre dra lasset
– Sjefar er oftare uhøflege mot medarbeidarane sine dersom dei har mindre tillit til personen, fortel Buch.
Han har tidlegare forska på om ein god relasjon mellom leiarar og medarbeidarar hadde noko å seie for om medarbeidarane oppfatta leiaren som uhøfleg, og kva konsekvensar ei slik oppfatning eventuelt hadde.
Dei medarbeidarane som opplevde leiarane sine som uhøflege, bidrog mindre inn i arbeidsgruppa si.
– Ei forklaring på dette kan vere at det er ein måte å hemne seg på leiaren på – ved å la dei andre dra lasset medan ein sjølv berre lèt som ein jobbar i gruppa, seier Buch.
Den mørke sida av leiing
Rundt fem prosent av arbeidstakarane blir mobba på jobben til kvar tid – og rundt halvparten av desse blir mobba av sjefen sin, ifølgje tal frå Universitetet i Bergen og Statens arbeidsmiljøinstitutt.
I 2015 var det 2,7 millionar sysselsette i Noreg. I faktiske tal betyr det at rundt 67 500 arbeidstakarar blir mobba av ein leiar.
– Korleis oppdagar du destruktiv leiing?
– Tilsette som blir utsette for det, merkar det sjølvsagt ved å bli audmjuka. Vi kan også oppdage destruktiv leiing gjennom til dømes anonyme undersøkingar på arbeidsplassar, seier Buch.
Referanser
Thompson, G., Buch, R., & Glasø, L. (2020): Abusive retaliation of low performance in low-quality LMX relationships. Journal of General Management, 45(2), 57–70 (Journal of General Management).
Thompson, G., Buch, R., & Glasø, L. (2018): Low-quality LMX Relationships, Leader Incivility, and Follower Responses Journal of General Management, p. 17-26, 2018. Journal of General Management (sagepub.com).