Muslimar blir diskriminerte i arbeidslivet sjølv om arbeidsgivarar er positive til mangfald

Kvinne i hijab setter ved datamaskin

Forskarar ved NOVA, OsloMet har intervjua arbeidsgivarar og muslimske arbeidstakarar. Dei finn at mange arbeidsgivarar har inkluderande haldningar, og seier dei gjerne tilset muslimar.  

Samtidig ser forskarane at haldningane ikkje samsvarer med praksis på norske arbeidsplassar. Mange av dei same arbeidsgivarane tilset i praksis kandidatar dei tenkjer «passar inn» i arbeidsmiljøet. Slik endar dei ofte opp med å rekruttere personar med lik bakgrunn som dei sjølv.  

I rekrutteringsprosessar vektlegg mange arbeidsgivarar det sosiale miljøet på arbeidsplassen. Dei som skal tilsetjast, skal ofte bli ein kollega intervjuaren potensielt vil bruke mykje tid med, og ønskjer å kjenne ei tilknyting til.

Lèt magekjensla styre

– Mange arbeidsgivarar lèt intuisjon og magekjensle styre når dei rekrutterer. Då er det lett å favorisere kandidatar ein kjenner ein liknar, og ikkje nødvendigvis den best kvalifiserte kandidaten, seier forskar Kaja Larsen Østerud.

Ho meiner at diskriminering sjeldan handlar om uttalt negative haldningar. Derimot handlar det ofte om at det kan vere lettare å kjenne igjen gode sosiale eigenskapar hos kandidatar ein kjenner ein liknar.  

Sosiale eigenskapar er noko ein har lite konkret informasjon om, og blir ofte gjenstand for raske, magekjenslebaserte vurderingar i ein intervjusituasjon. I slike samanhengar kan arbeidsgivarar diskriminere trass i inkluderande haldningar.

– Det kan handle om felles referansar, kulturelle kodar og humor. Slik kan det sosiale gli lettare, og det opplevast som om kandidaten er ein god match for arbeidsplassen. Det er nok mange arbeidsgivarar som forskjellsbehandlar utan å vere medviten om det, seier Østerud. 

Fortel at diskriminering er vanleg

Muslimar i studien fortel at diskriminering er vanleg og har store konsekvensar for karrierane deira. Spørsmål og kommentarar om bakgrunn, religion og kultur kan vere krevjande å handtere på jobbintervju. 

Mange fortel at det over tid kan bli ei påkjenning å svare på venleg formulerte spørsmål om bakgrunn som isolert sett ikkje er stilt med fiendtleg intensjon.

Deltakarane i studien fortalde om nærgåande spørsmål om til dømes hijab og drikkekultur på jobbintervju. Norskfødde muslimar fortalde om komplimentar for det gode norske språket sitt.  

Kjenner seg avvist av det norske samfunnet 

Informantane fortalde om korleis tru og hudfarge tvingar dei til å handtere sosiale relasjonar i arbeidslivet med ei ekstra varsemd, og ofte må dei jobbe ekstra hardt for å motbevise fordomar.  

Ein av informantane fjerna delar av namnet sitt, og andre utelét ting som såg «muslimske» ut frå CV-ane sine. Fleire sa dei synest det er vanskeleg å be om tilrettelegging for religiøs praksis, sjølv når det kan bli løyst med få tilpassingar.

For somme var dei personlege kostnadene av subtil diskriminering og forskjellsbehandling høge. Informantane beskreiv psykiske helseplager og redusert motivasjon som følgje av erfaringar med diskriminering i arbeidslivet.  

I tillegg har erfaringane konsekvensar for kjensla av å høyre til i det norske samfunnet. Mange fortel at avvising i arbeidslivet gir ei kjensle av å bli avvist av sjølve samfunnet og bli fortalt at dei er mindreverdige, uønskt og ikkje norske nok.

portrett av forskar Kaja Larsen Østerud

Om studien

Rapporten Jeg er for mangfold, men…(oda.oslomet.no) er utarbeidd av Velferdsforskingsinstituttet NOVA og Oslo Economics. 

Den er en del av prosjektet Diskriminering av muslimer i arbeidslivet ved forskarane Kaja Larsen Østerud, Jon Rogstad, Nina Skrove Falch, Alexander Huth og Sara Lee Johansen, på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Treng tiltak for å endre handlingar, ikkje haldningar 

Forskarane meiner at tiltak for å få bukt med diskriminering i arbeidslivet bør rettast mot å endre handlingar, ikkje haldningar.  

– Tiltak burde bidra til at skeivskapen mellom haldningar og handlingar blir retta opp, og auka bevisstgjering på kva for nokre moglege diskriminerande blindsoner vi alle kan ha, seier forskar Jon Rogstad.

Han meiner at tiltak som ikkje berre tek for seg haldningar, men som fører til faktiske endringar i verksemder, er dei beste tiltaka for å motverke diskriminering. 

Verktøy som bidreg til å redusere umedviten diskriminering, som strukturerte rekrutteringsverktøy, kan vere nyttige.  

Forskarane etterlyser tilgang til ressursar som støttar arbeidsgivarar i etablering og vidareføring av god mangfaldskultur. 

Dei meiner at tiltak som bidreg til å bevisstgjere arbeidsgivarar rundt rekruttering og systematiske skeivskapar, kan vere med på å få bukt med diskriminering som samfunnsproblem.

– Det ser ut til at arbeidsgivarane ikkje handlar i tråd med dei haldningane dei gir uttrykk for. Skal vi skape ein arbeidsmarknad der alle får ein rettferdig sjanse, bør vi ta tak i handlingar og praksis, seier Rogstad.  

– Funna viser at arbeidsgivarar allereie har ganske gode haldningar, og er positive til mangfald. Vi må berre lage insentiv for å omsetje inkluderande haldningar til konkrete handlingar.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Portrett av Elisabeth Ugreninov og Justyna Bell
Skal forske på diskriminering i arbeidslivet

Elisabeth Ugreninov og Justyna Bell ved OsloMet skal leie eit nytt EU-prosjekt som skal gi ny innsikt i kva forhold som skaper barrierar, eller legg til rette for inkludering av ulike grupper i arbeidslivet.

jente med munnbind hvor det står skrevet på "we are not a virus"
Halvparten av utenlandsadopterte i Norge har opplevd forskjellsbehandling

Ny rapport viser at rasisme, diskriminering og forskjellsbehandling mot utenlandsadopterte er utbredt i Norge.

Illustrasjonsbilde av en mann som sitter på bakken og ser utover mot vannet.
Arbeidsgivere er skeptiske til søkere med psykiske helseproblemer

Åpenhet om psykiske plager lønner seg ikke for jobbsøkere. Martin er en av mange unge som har fått erfare det.

Publisert: 16.01.2024
Sist oppdatert: 30.01.2024
Tekst: Trond Tveit
Foto: Colourbox.com og StudioVest/OsloMet