CENSU er eit norsk-tanzaniansk- mosambikansk universitetssamarbeid innan utdanning og forsking som fokuserer på berekraftig gassutvinning i kontekst av sårbare samfunn og klimaendringar.
Om prosjektet
CENSU er eit samarbeid mellom OsloMet – storbyuniversitetet, University of Dar es Salaam (Tanzania), State University of Zanzibar (Tanzania), Universidade Eduardo Mondlane (Mosambik) and Universidade Lurio (Mosambik) som er finansiert gjennom Norads NORHED II-program. CENSUS hovudmål er å byggje kompetanse og kapasitet – på både utdannings og forskingsfeltet – når det gjeld berekraftsutfordringar innan gassutvinning i allereie sårbare samfunn prega av klimaendringar. Både Tanzania and Mosambik har store gassreservar i Indiahavet, og gassutvinning her inneber både store moglegheiter og store utfordringar for samfunn, menneske og natur.
Dermed relaterer CENSU seg direkte til den større berekraftsdagsordenen og berekraftsmåla (særleg mål 1, 7, 8, 10, 11, 12, 13, 14, 16). CENSUS tema og geografiar er dessutan særskilt relevant for viktige satsingsområde i norsk utviklingspolitikk.
CENSU skal gi omfattande bidrag til så vel forsking som utdanning ved partnaruniversiteta, og skal mellom anna finansiere 8 p.hd. og 20 masterstipendiatar frå partnaruniversiteta i Sør. Av desse vil 8 ta Master in International Education and Development (MIED) på OsloMet. Utvalde norske MIED-studentar vil også få høve til å gjennomføre masterprosjekta sine med hjelp frå Sør-partnarane, innanfor CENSUS forskingsdagsorden.
Sentrale forskingsspørsmål i CENSU inkluderer:
- Korleis samspiller økologiske og sosiale forhold i dei ramma sårbare samfunna og naturområda, og korleis blir desse samspela påverka av gassutvinning?
- På kva måte påverkar gassutvinningsaktivitetane levevegane til lokalbefolkninga?
- I kva grad og korleis tek styresmakter og oljeselskap omsyn til forventningane og bekymringane som befolkninga har, og korleis fremjar dei berekraft?