Det relasjonelle arbeidet til yrkesfaglærarane i den vidaregåande skolen i dag

Resultat frå et forskingsprosjekt om kva som fremmar gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at rolla til yrkesfaglærarane er svært sentral. På dette lunsjseminaret vil vi presentere og diskutere desse resultata.

Mange lærarar opplever i dag utfordringar knytt til relasjonelt arbeid i skolen, blant anna som følgje av strukturelle endringar i skolen eller eit stort elevmangfald. 

I dette lunsjseminaret vil vi presentere og diskutere resultat frå eit forskingsprosjekt om kva som fremmar gjennomføring i vidaregåande opplæring, der rolla til yrkesfaglærarane har vist seg å vere svært sentral. 

Vi presenterer funn relatert til betydninga av det relasjonelle arbeidet til lærarane for gjennomføring i vidaregåande opplæring, og diskuterer faktorane som mogleggjer det relasjonelle arbeidet til lærarane med elevane. 

I tillegg fortel Hanne Paulsen og Kristine Lindholm, to yrkesfaglærarar ved Ulsrud vidaregåande skole og masterstudentar i yrkespedagogikk ved OsloMet, korleis dei konkret jobbar med relasjonar i skolekvardagen. Prodekan for forsking og utvikling, Sølvi Mausethagen, avsluttar seminaret med ein kommentar.

Målgruppa for seminaret er alle som jobbar i skolen, lærarar, avdelingsleiarar, lærarstudentar, og dessutan tilsette i fylkeskommunar.

Program

Endringar i programmet kan førekomme.

Forskingsprosjektet Staying on Track - gjennomføring av vidaregåande opplæring for elevar på yrkesfag

Prosjektet er ein longitudinell intervjustudie som følger yrkesfagelevar med lågt karaktersnitt frå ungdomsskolen gjennom vidaregåande opplæring.

Les meir om prosjektet

Kontakt

Laster inn ...