Childlife er glade for å ønske Timothy Boyce velkommen til dette lunsjseminaret: From Day to Day: One Man´s Diary of Survival in Nazi Consentration Camps
Kvifor eit slikt tema og kvifor no?
Vi lever i ei uroleg tid, prega av konfliktar og krig både i nabolanda våre og i land lenger unna. Ytrehøgreparti med ein antiinnvandringsideologi veks fram i mange land. Vi ser også Holocaust-fornektarar vinne meir terreng. Derfor er det viktig at vi ikkje gløymer historia. Det kan lære oss noko om korleis vi som fagfolk og forskarar bør møte utfordringane vi står overfor i dag: både i møte med framandfiendtlege ideologiar og møte med menneske som har vore utsette for krig og overgrep.
Les meir om Timothy Boyce og forfattarskap.
Seminaret blir halde på engelsk og er ope for alle, inga påmelding er nødvendig, men ta med eigen matpose. Vi serverer kaffi og te.
Film: The Zone of Interest
Etter foredraget er det mogleg å bli igjen i lokalet for å sjå filmen The Zone of Interest: ein historisk dramafilm skriven og regissert av Jonathan Glazer, og basert på ein roman av den britiske forfattaren Martin Amis. Filmen handlar om den tyske kommandanten Rudolf Höss og hans famille. öss var ansvarleg for drifta av konsentrasjonsleiren Auschwitz.
NRK skreiv dette om filmen då han hadde premiere i fjor: «Dette er ei skakande skildring av dehumaniseringa til nazistane av jødane under Holocaust, ein tona ned, men skarp analyse av menneskeleg vondskap og framandgjering. Filmen er ein tankevekkande studie av vanlege menneskes vondskap, fortald med eit formalistisk formspråk som understrekar absurditeten ved den bekmørke handlinga.»
-
Barneliv og profesjonsutøvelse (Childlife)
Vi er et tverrvitenskapelig miljø som samler forskere fra ulike disipliner og profesjonsfelt. Et av våre mål er å synliggjøre og skape grobunn for innovativ forskning om og med barn og unge.