English version

Bioteknologi

Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.

Bioteknologi bruker levande organismar, eller delar av levande organismar, til å utvikla produkt eller prosessar som kan brukast i ulike bransjar, inkludert helsetenestene. 

Bioteknologi kombinerer biologi, genetikk og annan biovitskap med ingeniørfag og teknologi for å manipulera biologiske system til fordel for menneskja.

Bruk og endring av biologiske organismar fører ofte til etiske diskusjonar, noko som gjer bioetikk til ein integrert del av bruk av bioteknologi i samfunn og forsking. Døme på bioteknologi inkluderer genteknologi, genterapi og biofarmasøytisk produksjon.

Bioteknologi ved OsloMet

Forskarar ved OsloMet bruker og undersøkjer ei rekkje biologiske prosessar og artar for å utvikla nye legemiddel, sjukdomsdeteksjonstestar og forståing av reproduktiv helse.

Ved hjelp av cellulære og molekylære prosessar ønskjer forskarar ved OsloMet å utvikla eller forbetra:

OsloMet-forskarar som jobbar innan bioteknologi

Laster inn ...

Relevante forskingsgrupper og forskingssenter ved OsloMet

Meir om Intelligent helses fokusområde

  • Kunstig intelligens i helsevesenet

    OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.

  • Omikk-teknologi

    Forskarar og forskingsgrupper på OsloMet nyttar ulike omikk-teknologiar til å studera molekyla i livet, korleis variasjonen deira påverkar funksjonen deira, korleis dei blir danna og korleis dei blir brotne ned.

  • Sensorteknologi i helsesektoren

    Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.

  • Velferdsteknologi

    Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.

  • Fagmiljø og prosjekter tilknytta Intelligent helse

    Intelligent helse fokuserer på ulike fagfelt innanfor helse og teknologi for å finne løysingar på utfordringane i helsesektoren. Her finn du ei førebels liste over fagpersonar og forskingsmiljø tilknytta Intelligent helse.

Om Intelligent helse

  • Intelligent helse

    Intelligent helse er OsloMet sin satsing på helse og teknologi. Vi skal bidra til ny kunnskap og teknologiske løsninger som fremmer helse og forebygger sykdom.