English version
Jente som bruker teknologi-briller og ser på ein teknologi modell, i eit lyst rom.

Fagmiljø og prosjekter tilknytta Intelligent helse

Intelligent helse fokuserer på ulike fagfelt innanfor helse og teknologi for å finne løysingar på utfordringane i helsesektoren. Her finn du ei førebels liste over fagpersonar og forskingsmiljø tilknytta Intelligent helse.

Våre fokusområde

  • Bioteknologi

    Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.

  • Kunstig intelligens i helsevesenet

    OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.

  • Omikk-teknologi

    Forskarar og forskingsgrupper på OsloMet nyttar ulike omikk-teknologiar til å studera molekyla i livet, korleis variasjonen deira påverkar funksjonen deira, korleis dei blir danna og korleis dei blir brotne ned.

  • Sensorteknologi i helsesektoren

    Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.

  • Velferdsteknologi

    Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.