vasili på oslomet

– Det er stort behov for fleire lærarar med kompetanse i tysk, fransk og spansk

Vasili Bachtsevanidis si forsking har bidrege til å utvikla vidareutdanninga i tysk tilpassa behova til lærarar i Noreg.

Sissil Lea Heggernes, førsteamanuensis og emneansvarleg for vidareutdanningane i tysk, fransk og spansk ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning har leidd prosjektet Styrking av fransk-, tysk- og spanskundervisning i grunnskulen (STELT).

Prosjektet skal bidra til at norsk skule skal ha kvalifiserte lærarar i tysk, fransk og spansk. Målet er at vidareutdanningane skal ha best mogleg kvalitet og leva vidare, også etter at prosjektet er avslutta. 

Portrett av Sissil Lea foran en rød mur

Sissil Lea Heggernes, førsteamanuensis og fagansvarlig for videreutdanningene ved Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning Foto: Sonja Balci

Sissil fortel at dei har samarbeid med partnarar frå Pädagogische Hochschule Freiburg Tyskland, Universitat de València Spania og Université de Caen Normandie Frankrike. Universitetet i Agder (UiA) og Høgskolen i Innlandet (HINN) har også vore viktige samarbeidspartnarar i arbeidet med å utvikla vidareutdanningar som lett kan kombinerast med jobb, med både nettbasert undervisning, samlingar i dei tre samarbeidslanda og i Oslo.

Lite forsking på vidareutdanning i framandspråk for lærarar 

Vasili Bachtsevanidis er fagansvarleg og undervisar på tyskkurset. Gjennom doktorgrada si, bidreg han til å forska på og utvikla vidareutdanninga i tysk. 10. januar presenterte han resultata av forskinga si på innhaldet i kurset og webdesignet frå læringsplattforma for grunnskulelærarutdanninga.

Gjennom tre syklusar har Vasili utvikla eit «blended learning» kurs, der han konkretiserer korleis medviten bruk av webdesign bidreg til språk- og fagdidaktisk læring, både gjennom undervisninga og når studentane jobbar på eiga hand.

– Vasili, fortel at han har brukt designbasert forsking og tilpassa kurset til behovet til brukarane gjennom fleire syklusar. Innhaldet i kurset var opphavleg basert på Dhoch3, forskingsbaserte retningslinjer utvikla for undervisning i tysk som framandspråk. Likevel såg han fort at dette ikkje var godt nok behovet til tilpassa deltakarane. 

–Målgruppa var ikkje lenger ei fiktiv gruppe, men stod fram som individ med talenta sine, behov og kompetanse. Dei var derfor aktivt var med på å påverka innhalda og undervisningsmetodane til kurset. I tillegg har dei danna profesjonsnettverk som støttar kvarandre fagleg og møtest utanom kurset.  

– I eit «blended learning» kurs følgjer studentane mykje av undervisninga på nettet. Det er derfor viktig å utvikla eit design som hjelper deltakarane til å jobba sjølvstendig med læringsinnhaldet i tillegg til å vera oppdatert og motivert. Eg vil presisera at webdesignet ikkje har til hensikt å erstatta læraren, men at det er viktig at designet er tilpassa slik at det hjelper studentane på best mogleg å måta å organisera sin eigen læringsprosess, forklarer Vasili.

– Alle dei tre designkomponentane (intervensjon, metode og webdesign) har ført til vidareutdanninga som blir tilboden ved OsloMet, fortel Vasili Bachtsevanidis.

Vidareutdanningane vart piloterte i perioden 2021-2023 med svært gode resultat

Her er nokre av dei: 

Skil seg ut frå andre studietilbod

Vidareutdanningane i tysk, fransk og spansk skil seg ut frå andre studietilbod i framandspråk ved at dei:

Tysk 1, 5.-10. trinn

Spansk 2, 5.-10. trinn

Fransk 1, 5.-10. trinn

Kontakt

Laster inn ...

Studenthistorie

Vidareutdanningsstudentane i tysk poserer foran ein fargerik vegg med kunst
– Eit privilegium å få delta på vidareutdanninga i tysk

Vidareutdanningsstudentane i språk får meir tryggleik og inspirasjon som dei tek med seg tilbake til klasserommet.

Publisert: 22.02.2024 | Solfrid Hartberg