Flyfoto av bygninga til Construction City på Ulven i Oslo. Motorveg i framgrunnen, og tett med bygningar i bakgrunnen.

Institutt for bygg- og energiteknikk flyttar inn i Construction City

OsloMet vert leigetakar i Construction City, og styrkar med det samarbeidet mellom akademia og bygg-, eigedom- og anleggssektoren.

– OsloMet med Institutt for bygg- og energiteknikk vert ein viktig leigetakar, og kompletterer samansetninga av verksemder i Construction City når vi skal leve opp til visjonen vår om verdiskapande samhandling, seier utleigesjef Erik Sørsdahl i Construction City Eiendom.

– Den kompetansen som no vert samla i Construction City vert heilt unik. Der vil nærleiken og samspelet med akademia utvikle bransjen framover, seier han.

Construction City står klar på Ulven i 2025. Bygget er på heile 103.000 kvadratmeter, og vil huse opp mot 4500 menneske.

Vil etablere forskingsforum

– Eit av dei mest spennande perspektiva vi ønskjer å ta fatt på, er potensialet for å etablere eit forskingsforum for berekraftig byutvikling og sirkulærøkonomi i Construction City, seier instituttleiar Yonas Zewdu Ayele ved Institutt for bygg- og energiteknikk (BE) på OsloMet.

– Eit slikt forskingsforum vil vere eit verdifullt verktøy for akademisk forsking og praktisk innovasjon innan berekraftige løysingar.

– Med eit nærvær i Construction City har vi eit unikt høve til å byggje eit langsiktig partnarskap som kan gje varige positive effektar på forsking, undervisning og samfunnet elles.

Læringsarena for studentar

Mange studentar vil ha læringsarenaen sin på Construction City, representert gjennom studieretningar frå OsloMet og Fagskolen. 

– Dette vert ein viktig milepæl for oss. Her vil studentane våre få tilgang til moderne fasilitetar der dei kan jobbe individuelt og i grupper, noko som styrkar både læringsmiljøet og koplinga til næringa.

– Vi ser store moglegheiter for å bruke areala i Construction City til «workshops», kurs og seminar. Dette gjev oss ikkje berre høve til å drive tverrfagleg samarbeid, men også sikre at aktivitetane våre vert endå meir relevante for bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa (BAE), seier Ayele.

Lokala som Institutt for bygg- og energiteknikk vil nytte i Construction City kjem i tillegg til areala instituttet alt har på OsloMet i Pilestredet.

Vil utvikle bransjen

– Construction City vert ein destinasjon for Noregs største fastlandsnæring, der utdanning og akademia står sentralt i å løyse bransjeutfordringar, seier dagleg leiar Hege Skjelbred Hatlemark i Construction City Eiendom.

– Når vi samlar næringslivet og akademia, gjev det heilt unike høve til saman å utvikle forskingsbasert kunnskap som kan utvikle bransjen vidare og bidra til verdiskaping både for næringa og samfunnet.

Fakta om Construction City

Construction City er ei næringsklynge for bygge-, anleggs- og eigedomsbransjen med mål om å samle aktørar i bransjen for å fremje innovasjon, berekraft og effektivitet.

Bygninga til Construction City på Ulven i Oslo vil huse kontor, forskingsfasilitetar, og fellesfunksjonar, og er designa for å vere et berekraftig og sosialt samlingspunkt, med fokus på å skape eit godt arbeidsmiljø, og fremje samarbeid på tvers av bedrifter og disiplinar.

Meir om Construction City (constructioncity.no).

Biletet øvst i artikkelen viser bygninga som skal huse Construction City. Foto: Construction City.

Kontakt

Laster inn ...

Aktuelt frå Institutt for bygg- og energiteknikk

Vindkraftprosjekt får nær 90 millionar

OsloMet er med på å utvikle ein labsentrifuge som kan teste påkjenningane som fundamenta til vindkraftmøller til havs kan bli utsett for.

Illustrajson av vindkraftmøller i havet med fundamentering under havoverflata. Det er kvite bølgetoppar i vatnet og mørke skyer i bakgrunnen.
LG og OsloMet i samarbeid om å utvikle varmepumper

OsloMet går i samarbeid med storselskapet LG Electronics om å utvikle varmepumper for svært kaldt klima.

Tanja Storsul og Jame Lee holder fram signert samarbeidsavtale
Publisert: 04.11.2024 | Olav-Johan Øye | Terje Gulbrandsen