Saman med Larvik kommune har forskar Gro Sandkjær Hanssen ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR fått midlar frå Noregs forskingsråd til eit nytt, innovativt prosjekt, kalla «Operasjon planvask».
Hanssen skal, saman med Norsk institutt for naturforsking (NINA), Holth & Winge og Norkart, utvikle ein effektiv metode for å oppdatere dei gamle reguleringsplanane til kommunen.
– Vi står ovanfor ei stor oppgåve. Larvik kommune har i dag 766 gjeldande reguleringsplanar, og dei fleste er vedtekne før dagens plan- og bygningslov tredde i kraft, seier Hanssen.
Innan januar 2027 skal kommunen ha oppdatert eksisterande reguleringsplanar med dagens kunnskap, politikk og lovverk. Tema som klima, natur, jordvern, sårbarheit og risiko og utbyggingsbehov, skal bli teke omsyn til i dei reviderte planane.
Larvik kommune er ein pilotkommune når det gjeld å få vaska planane sine. Prosjektet vil bruke prosessen i Larvik til å kartleggje alle utfordringar og moglegheiter som ligg i ein slik planvask.
Målet er å utvikle ein ressurseffektiv metode som kan brukast av kommunar over heile landet.
– Vi håpar at arbeidet vårt vil leggje grunnlaget for ein totalrevisjon av eldre reguleringsplanar i kommunar over heile landet, seier Hanssen, og legg til:
– Det vil bidra til ein meir berekraftig arealbruk, i tråd med dagens kunnskap og behov.