Bilete av forelesingssalen under profesjonskonferansen, med forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel på talarstolen

Senter for profesjonsforsking 25 år

28. november markerte OsloMets Senter for profesjonsforsking 25 års verksemd med ein jubileumskonferanse.

Profesjonskonferansen 2024 gjekk av stabelen på OsloMet 28. november, og markerte at det i år er 25 år sidan universitetets Senter for profesjonsforsking (SPS) blei etablert.

Senteret forskar på profesjonar og profesjonell yrkesutøving, og politikk og etikk knytt til ulike profesjonar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel, som sjølv tok eit av doktorgradskursa sine ved SPS, opna konferansen med å gratulere jubilanten med viktig arbeid, og trekte fram betydninga av profesjonane.

–  Eit godt samfunn har gode velferdstenester tilgjengeleg for alle. Då treng vi profesjonane og profesjonsutdanningane, som er heilt sentrale for utviklinga av samfunnet og framtida vår, sa Hoel.

– Profesjonsutdanningane er høgare utdanningar og skal vere forskingsbaserte, samtidig som vi også må styrke praksisdelen, fortsette statsråden.

Han trekte fram at profesjonane er forvaltarar av både tradisjonar og ekspertise som er heilt avgjerande for oss alle.

– I møte med samfunnsutfordringane i dag må vi utdanne omstillingsdyktige og effektive profesjonsutøvarar, sa Hoel.

Heidra kollegaer

Senterleiar Beate Elvebakk trekte fram betydninga Senter for profesjonsforsking (SPS) har hatt gjennom 25 år.

– Eg vil hevde at SPS har, og har hatt, stor påverking på den nasjonale forståinga av profesjonar. Senteret har også hatt synleg gjennomslag i samfunnsdebatten, blant anna i form av deltaking i fleire ulike ekspertgrupper og utval, sa  Elvebakk.

– Arbeidet som blir gjort i SPS blir prega av skikkelegheit og høg kvalitet, noko eg trur blant anna komme av ein god tradisjon for konstruktiv kritikk i kollegiet, sa ho.

Ho la også vekt på det gode og produktive samarbeidet med resten av universitetet.

Profesjonanes historie og framtid

Hovudtemaet for jubileumskonferansen var profesjonanes historie og framtid, og bringa fram perspektiv som akademisering, forholdet mellom profesjonar, og spenninga mellom erfaringsbasert og forskingsbasert kunnskap.

Blant anna snakka SPS-forskar Jan Messel om profesjonsteori som reiskap for profesjonalisering, rektor Nina Skarpenes ved Politihøgskolen fortalde om den offensive profesjonaliseringsstrategien deira, spesialrådgivar Gro Jamtvedt ved OsloMets fakultet for helsevitskap tok opp behovet for å bygge ned profesjonsgrensene i helsefeltet, og kunnskapsdirektør i NAV, Yngvar Åsholt, snakka om profesjonsskepsis i arbeids- og velferdsfeltet.

Rektor Christen Krogh samanfatta konferansen og understreka kva verksemda ved OsloMet handlar om.

– Det er vanskeleg å tenke seg eit samfunn utan profesjonsutøvarar som møter menneske frå vogge til grav. Vi utdannar til yrke som gjer Noreg til eit av dei beste landa i verda å bu i, sa Krogh.
Han gratulerte og takka jubilanten for å bidra til utvikling av profesjonane og utdanningane.

– Vi treng dykk som forskar på balansen mellom det profesjonsspesifikke og det tverrprofesjonelle, sa rektor.

Relaterte saker

SPS får 12 millionar til å forska på samfunnsmessige konsekvensar av KI

Ei tverrfagleg forskingsgruppe skal undersøkja kva innverknad automatiseringsteknologiar har på meiningsfylt arbeid.

Inngangsfasaden til OsloMets lokale i Pilestredet 46.
SPS deltar i EU-prosjekt for utvikling av KI-verktøy i undervisning

Senter for profesjonsforsking ved OsloMet er partnar i eit nytt Erasmus+-finansiert forskingsprosjekt.

Studentar sit i audorium under forelesing
Publisert: 23.12.2024 |