OsloMet og Lillestrøm kommune har eit tett samarbeid på fleire område. Campus Kjeller ligg mellom anna i kommunen og det er tett dialog om campusutviklinga ved OsloMet og av det framtidige Campus Lillestrøm.
OsloMet og Lillestrøm kommune har signert ein intensjonsavtale om samarbeid. Avtalen har som mål å etablere samarbeid innan nokre utvalte, konkrete område, til dømes:
- Rekruttering av personar frå kommunane til studium ved OsloMet
- Etablering av private og offentlege «universitetsverksemder»
- Praksis for studentar
- Etter- og vidareutdanningstilbod
- Rettleiing av bacheloroppgåver og andre oppgåver
- Offentleg sektor-ph.d. for tilsette i kommunen
- Samarbeid om forskings- og utviklingsprosjekt
- Pilotering innanfor kommunale tenesteområde og samfunnsutvikling
- Innovasjon i kommunal sektor
Kvart kalenderår skal innehalde minst eitt større samarbeidsprosjekt.