Andrea får ein million til å starte bedrift

Andrea sit på ein benk på campus. I bakgrunnen er det nokre gule skilt, bygningar og tre.

Knitry får dermed ein million kroner i støtte frå Innovasjon Norge. Pengane skal brukast til å vidareutvikle bedrifta.  

STUD-ENT er ein forkortelse for StudentEntreprenørskap. Ordninga rettar seg mot nyutdanna studentar som har ambisjonar om å starte eige selskap, basert på kunnskap dei har tilegna seg gjennom studiane.   

No har Andrea nettopp fullført sin mastergrad i estetiske fag, studieretning kunst og designdidaktikk. 

– Ein ettermiddag, tre dagar før innlevering av masteroppgåva, kom e-posten frå Innovasjon Norge. I emnefeltet sto det «Du har mottatt et tilbud til signering», fortel hun.  

– Eg hoppet av glede saman med sambuaren min Eric, som også er med på prosjektet, og ringte resten av teamet for å spre den gode nyheita.  

– Det var veldig motiverande og gav energi og pågangsmot til siste innspurt av masteroppgåva, smiler Andrea. 

Knitry 

Knitry er ein digital læringsarena, sosial marknadsplass og informasjonskanal for strikking og garn. Ideen til bedrifta oppsto under koronapandemien.  

– Våren 2020 sat eg i «lockdown» og skreiv bacheloroppgåve i fagdidaktikk for design, kunst og håndverk. I dette prosjektet undersøkte eg dei håndstrikka plagga sitt potensiale som berekraftige alternativ til det masseproduserte.  

– Gjennom arbeidet oppdaga eg eit «hol i marknaden». Strikkeoppskriftene var spreidd over heile internett og i ei mengde bøker. Men det var vanskeleg å få ein oversikt over det som eksisterte.  

– Gründeren i meg vokste og året etter vart selskapet Knitry etablert.  

Sidan den gang har ideen utvikla seg til eit ambisiøst prosjekt. No består selskapet av seks personar: Andrea, Eric, Jonathan, Eva, Emma og Petter. Saman jobbar dei for å skape løysingar for strikkarar og garnleverandørar internasjonalt. Selskapet har som overordna mål å fremje strikkinga og handverket sin plass i klesindustrien og i kulturen. 

Portrett av Andrea. Ho har grønn gensar og står framfor inngangspartiet til eit teglsteinsbygg.

Arbeidskrevjande kombinasjon 

Dei fleste gründerar er einige om at det å starte opp ein bedrift er både utfordrande og arbeidskrevjande. Det er også ei masteroppgave. Korleis har det vore å kombinere dei to? 

– Det er mykje jobbing! Sidan masterløpet i estetiske fag ikkje er lagt opp slik som ein master i entreprenørskap, har det vore to heilt separate løp, forklarer Andrea.  

– Likevel har eg brukt prosjektet som case i praksisperiode og i masteroppgåva.  

– Knitry blei for øvrig medlem av Gründergarasjen (student.oslomet.no), som ligg på campus Pilestredet i 2022, og det har vi hatt stor glede av.   

Gründergarasjen er eit inspirerande og støttande fellesskap for gründerar. Garasjen har som mål å gjere idear til vellykka bedrifter, og er eit samarbeid mellom Simula Research Lab og OsloMet – for alle studentar, alumni og tilsette ved universitetet. 

Andrea rosar også miljøet på studiet. 

– Mastergruppa er heilt fantastisk. Mange av oss har sete saman på «master-kontoret» og skrive saman og heia på kvarandre. Det har vore ei veldig fin tid!  

Masterstudiet i estetiske fag består av fire studieretningar. Kunst og designdidaktikk som Andrea tek, kunst i samfunnet, mote og samfunn og teater og samfunn.  

– Det skaper ein spennende dynamikk når vi kjem saman frå fire ulike studieretningar, seier ho. 

Kvalitetsstempel 

Kva betyr støtten fra Innovasjon Norge for det vidare arbeidet med Knitry?  

– Støtta betyr mykje, understreker studentgründaren.  

– Den gjør det først og fremst mogleg for meg som dagleg leiar å kunne jobbe med prosjektet full tid det kommande året, og dermed drive prosjektet og utviklinga framover.  

– Dessutan skaper det tillit og blir eit kvalitetsstempel i arbeidet med å byggje relasjonar og samarbeidspartnarar.   

Andrea gler seg til å bli ferdig med masteren og har altså planane klare.  

– Eg skal jobbe etter beste evne for å realisere Knitry! Det blir eit spanande år med utvikling, design, marknadsføring, søknadsprosessar og bygging av gode relasjonar med aktørar og investorar.  

– Samtidig vil eg fortsetje å være på OsloMet og bidra med det eg kan, der det trengs! 

Fire av Knitry-medlemmane samla rundt eit bord med laptopar. Dei ser saman på ein av skjermane.

– Imponerande

Carl C. Thodesen er tidlegare dekan ved Fakultet for teknologi kunst og design og noverande prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet. Han syns det er flott at Knitry har fått støtte frå STUD-ENT.  

– De hjerteligaste gratulasjonar til Andrea og Knitry! Vi er kjempestolte over at ein av våre studentar har fått STUD-ENT-tildeling. 

– Dette gir økonomiske moglegheiter, men er like mykje ein viktig anerkjenning av kvaliteten på prosjektet, understreker han.  

Instituttleder Liv K. Dahlin ved Institutt for estetiske fag gler seg også på Andrea sine vegne.  

– Først og fremst, gratulerer så mykje til Andrea og alle involverte i Knitry!  

Dahlin syns det er imponerande korleis Andrea har klart å sjonglere etableringa av Knitry og gjennomføringa av eige masterprosjekt.  

– Begge deler krev nysgjerrigheit, stå-på-vilje og stor arbeidskapasitet. I tillegg er det nødvendig med eit sterkt og tydeleg fagleg engasjement.  

– Problemstillingane og drøftinga som er løfta fram i masterprosjektet peiker på samtidsrelevante kunst- og designdidaktiske spørsmål og Knitry bidreg til å løfte desse over i praksis og handling. Eg ønskjer dykk lykke til med året som kjem! 

et strikketøy, med hun som strikker duset ut i profil i forgrunnen. Man kan skimte en annen som også strikker i midten av bildet, lengre frem.
Masteren gir fagleg tyngde til lærarrolla

– Masteren i estetiske fag, studieretning fagdidaktikk: kunst og design, gir relevant tyngde til utdanninga mi, og ikkje minst til min framtidige lærarrolle, seier Silje.

Egle og Joakim sett bakfra, på vei mot et område som er gravd ut og gjort klar til blomstereng. Egle med rake på skulderen og Joakim med trillebår og sekk.
Produktdesignstudenter fikk en million i støtte

Egle Juodziukynaite og Joakim M. Winum står bak bedriften Tiny Workers. I sommer mottok de en million kroner fra STUD-ENT.