Bioingeniørstudent analyserer koronaprøver på Ahus

Bioingeniørstudent analyserer koronaprøver.

Korleis hamna du på lab'en på Ahus?

- Genteknologi på Ahus var ein av dei stadene eg ønskte å ha tredjeår-praksisen min på og så var eg så heldig at eg fekk det. Når koronakrisa for alvor trefte Noreg så var eg framleis i praksis på seksjonen og gjekk deretter over til å jobbe med koronaanalysar der, fortel Tina.

Korleis går analysane føre seg av koronaprøvene?

- Viruset finst i celler og sekret frå øvre luftvegar. Prøva blir derfor teken med ein tynn og bevegeleg pensel frå nase og hals, og cellematerialet blir løyst opp i eit flytande medium. Det er arvematerialet til viruset vi påviser, så aller først må vi få tak i dette ved å øydeleggje humane celler og fiske ut arvematerialet. 

- Arvematerialet til viruset er RNA, i motsetning til dei humane cellene våre som har DNA som arvemateriale. Fordi RNA ikkje toler den litt hardhendte prosessen i etterkant, krevst det først ei omgjering av RNA til komplementært DNA. Til slutt blir ein PCR-analyse utført, som er ein kopieringsprosess som kopierer dette DNAet til ei mengd det er mogleg å detektere. Analysen består altså av fleire trinn, og det trengst fleire avanserte instrument i tillegg til manuell handtering av kvar prøve. Heile prosessen frå mottak av prøve til ferdig resultat tek 4-5 timar, forklarer ho.

Hender som holder en pipette.

Kva er dei største utfordringane ved laboratoria no for tida?

- Eg vil seie kapasitet og smitte. Det varierer kvar avgrensinga i testkapasitet ligg, men det er ei stadig utfordring. Det trengst nok personale til å utføre analysane, nok maskiner til å køyre prøvene på, nok reagens til å drifte maskinene og nok prøvetakingsutstyr til å ta prøvene. 

- Genteknologi har på kort tid lagt om heile drifta si og eg er imponert over korleis alle har stått på, vore kreative og brettet opp ermane for å på beste moglege måte handtere denne situasjonen. Utfordringa med smitte deler vi med resten av helsevesenet og også samfunnet elles. Viss vi blir sjuke så vil det vere færre personar tilgjengelege som kan analysere desse prøvene. I tillegg er vi på eit sjukehus og sjølv om vi ikkje har direkte pasientkontakt så er det viktig å unngå smittespreiing på eit sjukehus, understrekar Tina.

Bioingeniør ved analysemaskiner

Korleis har du opplevd praksisperioden?

- Eg har opplevd den som utruleg lærerik. Ein kan dele han i før og etter korona. Begge periodar har vore lærerike, men etter korona har læringskurva vore enormt mykje brattare. Det har vore veldig spennande å få oppleve og også vere ein del av responsen på denne krisa, seier Tina.

Har du nokon spesielle interessefelt innan bioingeniørfaget?

- Det finst veldig mykje spennande innanfor bioingeniørfaget og eg har i løpet av utdanninga funne ut at mykje blir interessant når du berre fordjupar deg litt i det. Dei faga eg har likt spesielt godt har vore molekylær genetikk, hematologi og mikrobiologi, fortel ho.

Bioingeniør ved analysemaskiner

Kvar kan du tenkje deg å jobbe?

- Eg trivst veldig godt akkurat her eg er, på genteknologi. Elles kunne eg tenkt meg andre laboratorium med genteknologiske metodar eller mikrobiologi, avsluttar Tina.

Studentliv

Jente ligger i en hengekøye i skogen og leser. Det ligger brune blader på bakken, er lite blader på trærne og hun har sol i ansiktet.
Bli kjent med studentbyen Oslo

I studentbyen Oslo kan du gå på kafé før frokost, sitte på lesesalen om dagen og dingle i en hengekøye i marka om natta. Det er kort vei fra liv og røre i sentrum til stillheten i skogen.

Tre studenter går sammen og ler og smiler ute i en park. Bakken er dekket av gule og oransje blader.
Det beste med studentlivet er mye frihet

Magnus gir studentlivet en sekser på terningen, mens Simay og Ploy begge triller en sterk femmer. Møt tre som tryna litt i begynnelsen, men som fikk fin kontroll på studiehverdagen.

Jente som sitter på biblioteket og leser.
Topp ti på campus

Du lurer du kanskje på hvordan området rundt universitetet er? Josefine viser deg sine favoritter på campus Pilestredet.

Studenter som jobber på iPad
Slik lykkes du som student

Her er OsloMet-forelesernes beste råd for å lykkes med studiene.

Flere hundre studenter sitter på en gressplen med armene til værs.
Dette er OsloMet

Læringsrike praksisperioder i arbeidslivet – og en sosial studietid. Ved OsloMet får du kunnskap og erfaringer for livet!