På Ensjø i Oslo ligg M&E Second Hand, tilsynelatande ein enorm bruktbutikk med møblar, pyntegjenstandar, klede og bøker organisert på 2000 kvadratmeter. Men like mykje som det er ein butikk, er det ein arbeidsplass som gir menneske med ulike utfordringar arbeidstrening og moglegheit til vere ein del av eit arbeidsmiljø.
– Ein ting eg har lært gjennom studiet og ved å vere her i praksis, er at ein ikkje treng å vere frisk for å jobbe. Å jobbe kan derimot bidra til å gjere deg friskare, seier Åsne Eriksdatter Russwurm (27).
Vi får moglegheita til å sjå og hjelpe menneska i akkurat den situasjonen dei skal fungere i. Jobben utførast her og no, utan papirarbeid i etterkant. Det er veldig tilfredsstillande.– Jasmin
Utradisjonell praksisplass
Som tredjeårsstudent på bachelorstudiet i ergoterapi er ho, saman med Jasmin Anna Rayyan (34), midt i ein 11 veker lang praksis i bruktbutikken. Tidlegare i studiet har dei hatt meir tradisjonelle praksisplassar på sjukehus og kommunehelsetenesta.
I bruktbutikken jobbar dei på lik linje med alle andre, frivillige så vel som menneske på arbeidstiltak gjennom NAV, kriminalomsorgen eller andre samarbeidspartnarar, og bidreg med alt frå rettleiing og trening, til å endre dei fysiske omgivnadene slik at det blir lettare å utføre oppgåvene.
Ein treng ikkje å være frisk for å jobbe. Å jobbe kan derimot bidra til å gjere deg friskare.– Åsne