– Alle som jobbar med å skrive bør vurdere fagforfattarstudiet, seier tidlegare student Lars Sandved Dalen. Han er ph.d. i biologi, forskingsformidlar og fagbokforfattar ved Norsk institutt for bioøkonomi.
Då Lars fullførte fagforfattarstudiet i 2012 var det eit årsstudium. Men OsloMet ønskja å utvide tilbodet, og no kan du fordjupe deg i sakprosa på masterstudiet i journalistikk. I tillegg til å skrive kan du også forske på sakprosa.
Fagforfatterstudiet gav resultat for Lars, som i fjor kom ut med boka "Den fantastiske skogen", skrive saman med John Yngvar Larsson.
Skrive bok eller forske
Birgitte Kjos Fonn har vært ansvarleg for fagforfattarstudiet i fleire år. No gler ho seg til å ta fatt på ei eiga masterlinje.
– Med ei masterutdanning har studentane anledning til å arbeide med lengre tekstar og vi får større plass til den teoriutviklinga vi ønskjer oss. Difor er vi stolte av at vi kan tilby studieretning fagforfattar som ei linje innanfor mastergraden i journalistikk, forteller Birgitte.
Du kan velje å fordjupe deg i sakprosa, litterær journalistikk og forskingskommunikasjon. Desse emna viser kor nær forbindelsen er mellom journalistikk og anna sakprosa. I tillegg er det eit fellesemne i teori og metode.
Når det gjeld masteroppgåva på fagforfattarlinja, så skal den handle om sakprosa, enten målet er ein bokproduksjon eller ei forskingsoppgåve.
Studentar med ulik bakgrunn
- På fagforfattarstudiet møter du skriveglade studentar med ulik bakgrunn. Dette gjer studiet veldig motiverande, fortel Lars.
Han møtte alt frå naturvitarar til statsvitarar og filmskaparar under utdanninga, og dei fikk testa ut tekstane på kvarandre under såkalla rettleia prosessorientert skriving.
– Den fine samansetninga av studentar frå årsstudiet har vi ønskja å behalde, og vi har difor valgt å opne opp masterlinja for søkarar med forskjellig bakgrunn, seier Birgitte.
Erfaringsmessig er mange av dei som er interessert i fagforfattarutdanning i jobb, så studiet kan takast både på heiltid og deltid.
Opptakskrav
Du treng ein bachelorgrad, og alle fag er aktuelle. I tillegg treng du to års relevant yrkespraksis, f. eks. informasjons- og kommunikasjonsarbeid, formidling, journalistikk, forlagsarbeid, forsking, utredingsarbeid og erfaring som sakprosaforfattar.