I oppgåva såg Malin på korleis drama som læringsform kan brukast for å bidra til djubdeforståing av dei tre tverrfaglege temaa «folkehelse og livsmestring», «demokrati og medborgarskap» og «berekraftig utvikling» i Fagfornyinga. I ressursheftet finst pedagogiske eksempel, planleggingsskjemaer og også dramapedagogiske økter ein kan bruke i digitalskuleløysingar.
Malin fortel at ho har vore interessert i dramapedagogikk gjennom heile studietida ved OsloMet.
– Likevel var det først då eg hadde emnet «Prosjekt i praksis» på masterstudiet at eg verkelig fekk ideen om å undersøke drama som læringsform i Fagfornyinga og å lage ressursheftet for lærarar og dramapedagogar.
– Eg hugsar ikkje heilt nøyaktig korleis ideen oppsto, men Fagfornyinga og ein aukande mediedekning, med fokus på innhaldet i skulen, var nok noko av grunnen.
Fagfornyinga
– Fagfornyinga handlar om at skulens læreplanar skal fornyast.
– Nokon av dei største endringane handlar om å innføre tre tverrfaglege tema: «demokrati og medborgarskap», «folkehelse og livsmestring» og «berekraftig utvikling», og å kutte ned på talet læreplanmål for å betre kunne tilrettelegge for djubdelæring, forklarar Malin.
– I tillegg jobba læreplangruppene med ein større og betre samanheng i og mellom fag, og mellom dei ulike delane i Fagfornyinga: opplæringas verdigrunnlag, dei tre tverrfaglege temaa, grunnleggjande ferdigheiter og dei ulike læreplanane for kvart enkelt fag.
Eg håpar at mitt masterprosjekt kan medverke til at fleire får augene opp for drama som læringsform, og at dette igjen kan bidra til kompetanseheving og metodemangfold i skulen.– Malin
Drama som metode
Malin er opptatt av metodemangfold og at estetiske fag må få større plass i undervisinga.
– I dag finst det fleire studiar som dokumenterer arbeidet og effekten med kunst- og kulturfag i skulen. Studiane trekk blant anna fram at elevar blir tryggare innan lesing og kommunikasjon, dei viser større empatisk evne, taklar stress betre og blir flinkare i problemløysing. Elevane blir også meir aktive i å uttrykke si eiga meining og dei utviklar ei større interkulturell forståing.
– Med drama som læringsform føregår undervisinga ofte i fiksjon, elevane lærer ved å oppleve og erfare, og ved å ta i bruk ein kroppsleg, relasjonell, utforskande, skapande og affektiv tilnærming til læring, i tillegg til det kognitive, seier Malin.
– Med så positive resultat er det likevel tankevekkjande at drama og teater, og kunstfaga generelt, får så lite tid i dagens skule. Nettopp difor håpar eg at mitt masterprosjekt kan medverke til at fleire får augene opp for drama som læringsform, og at dette igjen kan bidra til kompetanseheving og metodemangfold i skulen.