Erstattar biletterapi
Kunstterapi har ein nærare 25 års lang historie ved OsloMet, gjennom vidareutdanning i biletterapi. Studiet blir no erstatta av den nye masteren.
Studieretninga i kunstterapi går på deltid over tre år og blir undervist på engelsk, men med moglegheit til å skrive oppgåver og eksamenar på eit skandinavisk språk. Studiet er forskingsbasert, og alle emna integrerer praktisk læring av kunstterapimetodar.
– Kunstterapiprogrammet er for dei som er djupt interessert i terapeutiske aspekt ved kunstprosessar og samhandling med menneske både i praksis og forsking, fortel Rankanen.
– Søkjarane bør vere nysgjerrig på å studere og kritisk reflektere over eigne og relasjonelle erfaringar og kjensler knytt til kunstterapeutisk prosess og dens effektar. Og tolerere forskjellar og akseptere ufullstendigheit, som ein del av dei terapeutiske prosessane til kunsten for utvikling og forandring.
Nordens første
Rankanen ser fram til å ta imot det første kullet til hausten, saman med kollega Kristin Svendsen.
– Eg er veldig glad for at vi endeleg kan starte det første masterprogrammet i kunstterapi og bidra til å etablere og utvikle forskingsbasert kunstterapipraksis ikkje berre i Noreg, men i Norden.
– Og eg gler meg over moglegheitene til å utvikle tverrfaglege kunstterapeutiske forskingsprosjekt ved OsloMet.
Det nye studiet har vore under planlegging lenge og reisa har tidvis vore kronglete. Men det er ikkje berre negativt, meiner Rankanen.
– Den lange prosessen har gjort det mogleg å utvikle innhaldet i emna i samarbeid med internasjonale og norske kunstterapeutiske praktikarar, pedagogar og forskarar.
– Det har også mogleggjort deltaking i svært inspirerande tverrfaglege utviklingsprosessar og diskusjonar internt på OsloMet og på tvers av Fakultet for helsevitskap og Fakultet for teknologi, kunst og design.
– Slik har vi klart å skape ein velfungerande struktur og eit svært interessant innhald for spesialiseringa i kunstterapi.