Etter- og vidareutdanning kan vera vegen til nye og spennande arbeidsoppgåver på den jobben du har, eller eit springbrett til ein ny karriere.
– Digitalisering og satsinga på meir berekraftige løysingar pregar heile samfunnet. Arbeidslivet endrar seg raskare enn før.
Utdanning og kunnskap er ferskvare og blir fortare utdatert. Me må alle læra heile livet. Etter- og vidareutdanning er derfor viktigare enn nokon gong, seier Bodil Innset, karriererettleiar ved OsloMet.
Cecilie Slettvoll Martinsen og Bodil Innset, begge karriererettleiarar ved OsloMet, har laga nokre råd til deg som er nysgjerrig på å ta etter- og vidareutdanning.
Kvifor ta etter- og vidareutdanning?
På grunn av dei store endringane i arbeidslivet, må noko av kompetansen din oppdaterast. Du må også vera førebudd på å bruka kompetansen som du allereie har, på nye måtar. Det var situasjonen i arbeidslivet før koronakrisa, og dette behovet har berre forsterka seg etter koronautbrotet.
Jobbar du i ein sektor der endringane er store, vil du som arbeidstakar kunne auka moglegheitene dine til å vera med på denne utviklinga og påverka endringane som skjer, og kanskje opnar det seg nokre nye og spennande dører på jobbmarknaden i framtida.
Start med å kartleggja dine interesser, og kva du ønskjer å få ut av studiane.– Cecilie Slettvoll Martinsen
Arbeidstakarar som har teke etter- og vidareutdanning, «opplever betre ferdigheiter og oppgir auka bruk av læringa si i jobb», ifølgje funn frå ekspertutvalet som vart utnemnt av regjeringa for etter- og vidareutdanning i 2019.
Deltakarane kjenner også auka sjølvtillit og meistringskjensle på arbeidsplassen og auka motivasjon for å delta i meir opplæring seinare.