Amalie Olsen og Yvonne Kirsty Morales Solvang er tredjeårsstudentar på barnehagelærarutdanning heiltid. Sjette semester var dei på utveksling i Winneba, Ghana, ved kysten i Vest-Afrika. Praksisen var i to ulike barnehagar, ein offentleg og ein privat.
Kulturelle forskjellar
– Ghana er eit kulturrikt land, med mykje forskjellige opplevingar innanfor mat, religiøse feiringar, festivalar, bussturar, strender og natur. Befolkninga i Ghana var opne, hyggelege, sosiale og alltid villige til å lære oss om noko om ghanesisk kultur. Som studentar var det lett å bli kjent med nye folk, seier Olsen.
Eg blei meir motivert, og sjølvtilliten fekk ein boost»– Amalie Olsen
– Vi har også møtt på kultursjokk når det kjem til befolkinga sin tankegang og veremåte, men dette har aldri stoppa oss i å prøve ut nye ting, fortel Solvang.
Sjå filmen Solvang har laga frå oppholdet i Ghana (youtube.com).
– Det er store forskjellar mellom ghanesiske og norske barnehagar. I Ghana er undervisingsmetodane ganske annleis enn i Norge. Det er fokus på læring, og barna skal kunne skrive, lese og telle før skulestart. Ein barnehagelærar har ansvar for førti barn eller fleire. Barna er veldig nysgjerrige på deg og vi blei kjent med dei ganske fort, seier Solvang.
Olsen fortel at det til tider kunne vere utfordrande med kommunikasjonen. Mange barn rundt seg, kombinert med varmen og dårleg luft, kunne få hovudet til å koke.