Design for situert kunnskap i ein verd i endring

Korleis kan vi lære å bruke kunnskap utvikla i éi kontekst i andre samanhengar? I dette foredraget presenterer Nina Bonderup Dohn frå Syddansk Universitet ny kunnskap frå prosjektet Design for situated knowledge in a world of change.

I dette foredraget tek Nina Bonderup Dohn frå Syddansk Universitet for seg eit grunnleggande spørsmål knytt til utdanning: Korleis kan vi lære å bruke kunnskap utvikla i éi kontekst i andre samanhengar?

Dette spørsmålet utgjer ei stor utfordring for dagens utdanningssystem på grunn av følgjande utfordring: I dagens samfunn krevst det at folk skal forhalde seg til ei rekke ulike kontekster med ulike kompetansekrav, slik at dei ofte må bruke kunnskap på tvers av desse ulike kontekstene. 

Fleire teoritradisjonar (t.d. praksisteori, situert læring, kroppsleggjord kognisjon) framhevar at kunnskap er situert, dvs. får form og innhald frå konteksta ho blir lært i. Overføring av kunnskap på tvers av kontekster er derfor inga enkel sak. Det inneber transformasjon av den situert lærte kunnskapen slik at den passar til den nye kontekster. 

Å lære å overføre kunnskap mellom domene verkar avgjerande for lærande i dag. Å legge til rette for transformasjon blir ei nøkkeloppgåve for mange utdanningssystem.

I foredraget presenterer Bonderup Dohn forsking på kunnskapstransformasjon, på designprinsipp for å støtte henne, og på implementering av spesifikke læringsdesign i pedagogisk praksis.

Foredraget bygger på resultata frå det nylege prosjektet Designing for situated knowledge in a world of change, finansiert av Det Uavhengige Forskningsfond Danmark.

Program

Arrangementet blir strøymt og foredraget blir halde på engelsk.

Meld deg på med nettskjema føre 31. mars.

Kontakt

Laster inn ...