Det relasjonelle arbeidet til yrkesfaglærarane i den vidaregåande skolen idag

Resultat frå et forskingsprosjekt om kva som fremmar gjennomføring i vidaregåande opplæring viser at rolla til yrkesfaglærarane er svært sentral. På dette lunsjseminaret vil vi presentere og diskutere desse resultata.

Mange lærarar opplever i dag utfordringar knytt til relasjonelt arbeid i skolen, blant anna som følgje av strukturelle endringar i skolen eller eit stort elevmangfald. 

I dette lunsjseminaret vil vi presentere og diskutere resultat frå eit forskingsprosjekt om kva som fremmar gjennomføring i vidaregåande opplæring, der rolla til yrkesfaglærarane har vist seg å vere svært sentral. 

Vi presenterer funn relatert til betydninga av det relasjonelle arbeidet til lærarane for gjennomføring i vidaregåande opplæring, og diskuterer faktorane som mogleggjer det relasjonelle arbeidet til lærarane med elevane. 

I tillegg fortel Hanne Paulsen og Kristine Lindholm, to yrkesfaglærarar ved Ulsrud vidaregåande skole og masterstudentar i yrkespedagogikk ved OsloMet, korleis dei konkret jobbar med relasjonar i skolekvardagen. Prodekan for forsking og utvikling, Sølvi Mausethagen, avsluttar seminaret med ein kommentar.

Målgruppa for seminaret er alle som jobbar i skolen, lærarar, avdelingsleiarar, lærarstudentar, og dessutan tilsette i fylkeskommunar.

Program

Endringar i programmet kan førekomme.

Kontakt

Laster inn ...