Disputas: Anita Nordsteien

Anita Nordsteien disputerer for ph.d.-graden i bibliotek- og informasjonsvitskap.

Anita Nordsteien forsvarar avhandlinga si i doktorgradsprogrammet bibliotek- og informasjonsvitskap med tittelen "Det dynamiske samspelet mellom nybegynnarar, informasjonspraksisar og informasjonskultur: Ein longitudinell studie av sjukepleiarar sine informasjonserfaringar og tilnærmingar frå siste utdanningsår gjennom dei to første yrkesåra."

10:00: Prøveforelesing "Informasjonspraksisar og det endrande arbeidsmiljøet - nykommarar si takling av pågåande endringsforsøk."

12:00: Disputas.

Komiteen består av:

Prøveforelesing og disputasen blir leia av prodekan Ivan Harsløf, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet.

Rettleiarar:

Samandrag

Avhandlinga undersøkjer nyutdanna sjukepleiarar sine erfaringar og tilnærmingar til praksis og kultur knytt til informasjonshandtering i utdanning og arbeidsliv. Avhandlinga fokuserer på samspelet mellom kultur, praksis og nyutdanna sjukepleiarar i overgangen frå utdanning til arbeidsliv.

Første fase av prosjektet analyserte bacheloroppgåver i sjukepleieutdanninga; andre fase involverte dei første vekene som ny sjukepleiar på eit sjukehus; tredje og fjerde fase vart gjennomført etter henholdsvis eitt og to års arbeidserfaring. Datainnsamlinga på sjukehuset involverte observasjon og fokusgruppediskusjonar i eit traineeprogram. Dei fleste deltakarane i prosjektet vart studert i to ulike kontekstar i totalt tre år.

Dei tre artiklane i avhandlinga uttrykkjer korleis informasjonspraksis og informasjonskultur påverkar overgangen frå å vere sjukepleierstudentar til å bli kompetente sjukepleiarar. Resultata viser at eit breitt utval informasjonskjelder blir nytta både i utdanninga og på sjukehuset.

Dette er i samsvar med kunnskapsbasert praksis (KBP), som ser ut til å prege deltakarane sin tilnærming til informasjonshandtering gjennom alle tre åra. Det kjende teori - praksisgapet mellom utdanning og arbeidsplass blir gradvis redusert ved at dei same undervisningsformene stadig meir blir brukt i begge kontekstar, til dømes simuleringstrening. Traineeprogrammet hadde også stor betydning for å lette overgangen mellom utdanning og arbeidsliv.

Slike program kan ses på som ei støtte i å utvikle nytilsette sin motstandskraft med tanke på informasjonshandtering på jobben. I denne studien bidro traineeprogrammet til gjensidig læring og ein dynamisk praksis der dei nytilsette delte oppdatert informasjon og metodar for å finne påliteleg informasjon med kollegaer i bytte mot taus, kollektiv kunnskap.

Avhandlinga bidreg med å anerkjenne nyutdanna sine verdiar, ferdigheiter og motivasjon med tanke på informasjonshandtering, noko som fremjar eit gjensidig forhold mellom nyutdanna og ulike praksisfellesskap.

Avhandlinga gir også eit innblikk i korleis informasjonspraksis kan forflytte seg over tid og stad. Den breie bruken av informasjonskjelder i helsevesenet ser ut til å vere eit gjennomslag av KBP. Ulike yrkesgrupper, praksisfellesskap og pasientar samarbeider for å ta avgjerder og lage felles prosedyrar og retningslinjer, noko som indikerer ei endring i dei tradisjonelle hierarkia mellom partane. Dette bidreg til ei meir fleksibel informasjonspraksis.