English version

Disputas: Aud Kirsten Innjord

Aud Kirsten Innjord disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Arbeidet med å vere sjuk og under arbeidsavklaring. Ein kritisk kulturanalyse av korleis unge opplever situasjonen med å vere sjuk og under arbeidsavklaring".

Prøveforelesing startar kl. 10.00 i Zoom
Tittel på prøveforelesing: Drøft ulike teoretiske perspektiv på arbeidsomgrepet i lys av arbeidslinja som sosialpolitisk ideologi, samt unges moglegheiter for inkludering i samfunnet.

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 i Zoom.

Komiteen

Leiar for disputasen

Prodekan Per Arne Olsen, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiarar

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga set søkjeljos på det å vere ung og sjuk og under arbeidsavklaring i Nav. Eg har undersøkt korleis unge som mottar arbeidsavklaringspengar opplever situasjonen. Arbeidsavklaringspengar er ei inntektssikringsordning for dei som har fått vurdert arbeidsevna nedsett med minst 50 prosent på grunn av sjukdom. Ordninga vart innført i 2010 med visjonen om at fleire med helseutfordringar skulle kome raskare i arbeid. Ei stabil trend har vore at unge under 30 år mottar arbeidsavklaringspengar over lang tid, dei fleste med bakgrunn i psykiske helseproblem.

Eit kritisk kulturanalytisk perspektiv ligg til grunn for å undersøke korleis dei som mottar arbeidsavklaringspengar sjølv opplever situasjonen. Datamaterialet består av intervju med 14 unge vaksne mellom 20 og 30 år som mottok arbeidsavklaringspengar.

Studien viser at unges oppleving av å vere sjuk og under arbeidsavklaring kan sjåast som eit arbeid i seg sjølv. Studien viser korleis psykiske og fysiske helseproblem hadde betydning for, og prega dei unge sitt kvardagsliv på mange måtar. Smerter, angst, uro og utmatting gjorde dagane variable og uforutsigbare, og avgrensa aktivitetsnivå og tempo både i kvardaglege gjeremål og i arbeidsavklaringa.

Avhandlinga konkluderer med at situasjonen slik dei unge opplevde den, ikkje er ei passiv tilvering, men består av ei rekkje aktivitetar som kan sjåast som arbeid. Avhandlinga føyer seg med dette inn i rekkja av forskingsbasert kunnskap som viser at helseutfordringar har vesentleg betydning for tilknytinga til arbeidslivet. Arbeidet med å vere sjuk og under arbeidsavklaring kan knytast til målet om at flest mogleg skal delta i arbeidslivet, og dermed til verdiskapinga i samfunnet. Den avsluttande diskusjonen dreier seg om at det å leve med helseproblem er eit arbeid som krev tid og energi, og som må takast på alvor i politikkutforming og i det sosiale arbeidet med menneske som står utanfor arbeidslivet.