Tittel på prøveforelesing: Gje ei kritisk drøfting av kvalifisering som verkemiddel i velferdspolitikken. Diskuter korleis arbeidslinja verkar inn på dei arbeidsledige sin livskvalitet.
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00
Tittel på avhandlinga: "Kvalifisering for eit 'godt liv'; Ei studie av subjektiv velvære, verdigheit eller mangel på dette i eit norsk aktiveringsprogram.
Komiteen
- Førsteopponent: Professor Håkan Johansson, Lund universitet
- Andreopponent: Professor Berit Berg, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet - NTNU
- Leiar av komiteen: Førsteamanuensis Anita Røysum, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen er instituttleiar Anne Britt Djuve, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.
Rettleiarar
- Professor Steinar Stjernø, Institutt for sosialfag, OsloMet – storbyuniversitetet
- Professor Ivar Lødemel, Institutt for sosialfag, OsloMet – storbyuniversitetet
Samandrag av avhandlinga
Denne avhandlinga handlar om Kvalifiseringsprogrammet, eit nasjonalt arbeidsretta aktiveringstiltak innført i 2007, der målgruppa er langtidsmottakarar av sosialhjelp. Formålet med avhandlinga er å auke kunnskapen om korleis Kvalifiseringsprogrammet kan bidra til å fremje deltaking, livskvalitet og verdigheit, eller om mangel på slike forhold kan redusere moglegheitene for å finne arbeid og bli sjølvforsørgande.
Avhandlinga byggjer på kvalitative intervju med deltakarar og rettleiarar i Kvalifiseringsprogrammet, samt deltakande observasjon av praksisen. Eit sentralt utgangspunkt er at deltakarane ofte har sammensatte problem, som kan forsterkast av kjensler av skam og nederlag.
Avhandlinga består av tre artiklar, der den første drøftar deltakarane sin livskvalitet, eller mangel på dette, knytt til deira livserfaringar og erfaringar med aktivering. Den andre artikkelen belyser korleis aktivering fremjar eller hemmar deltakarane si verdigheit, medan den tredje artikkelen utforskar om ulikskap, i form av kulturell annerleik, legg grunnlag for negativ kategorisering av minoritetsdeltakarar.
Funnene viser at deltaking i Kvalifiseringsprogrammet delvis styrkjer deltakarane sin livskvalitet, medan mangel på livskvalitet kan avgrense moglegheitene deira til å komme vidare i livet og påverke aktiveringsløpet negativt. I tillegg kan aktivering i større grad styrkje deltakarane si oppleving av empati, medan det i mindre grad fremjar deira autonomi og rettar. Følgjeleg kan deltaking i programmet undergrave deltakarane si verdigheit, dels grunna mangelfull kartlegging av behova deira.
Oppsummert viser avhandlinga at arbeidsleidigheit, i kombinasjon med økonomisk usikkerheit, har ein psykososial dimensjon som kan føre til avmakt, kjensler av skam og mangelfulle moglegheiter. Avhandlinga belyser òg korleis annengjøring ser ut til å bidra til og/eller oppretthalde marginalisering grunna ujamne maktforhold på eit systembasert, organisatorisk og individuelt nivå. For å hindre slike utfordringar støttar avhandlinga ein verdigheitsbasert tilnærming til aktivering, og peikar særleg mot å styrkje deltakarane sin autonomi og fremje deira rettar ved å ta utgangspunkt i deira behov.