English version

Disputas: Christian Nilsen

Christian Nilsen forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er instituttleiar Elin Holter Anthonisen, OsloMet.

Hovudrettleiar er overlege, ph.d. Øygunn Utheim, Øyehelseklinikken, Oslo universitetssjukehus.

Medrettleiarar er

Last ned avhandlinga frå ODA (oda.oslomet.no).

Samandrag av avhandlinga

Hovudmålet med ein grå stær-operasjon er å forbetra synet til pasienten ved å erstatta den uklare augnelinsa med ein klar kunstig (intraokulær) linse. Moderne grå stær-operasjonar gir som regel gode resultat, men overraskande synsfeil (styrke/brytningsfeil) kan oppstå.

Før operasjonen blir styrken  berekna på den kunstige linsa utfrå målingar av dimensjonane til auget. Ei mogleg feilkjelde i desse målingane kan vera tørre auge. Tørre auge er svært vanleg blant eldre som treng grå stær-operasjonar.

Viss styrken blir berekna feil, kan synet til pasienten bli meir avhengig av briller enn planlagt etter operasjonen, noko som kan føra til at pasienten blir misfornøgd.

Forskinga vår indikerer at for pasientar med tørre auge (ustabilitet i tårefilmen og auka saltmengd i tårene) kan det medføra at målingane og berekninga av styrken på den intraokulære linsa varierer meir for visse måleinstrument.

Dette kan gjera operasjonen mindre presis med tanke på brytningsfeil. Å undersøkja tørre auge er spesielt viktig for pasientar som vel avanserte kunstige linser med mål om "brillesjølvstende."

I tillegg fann me i forskinga vår at bruk av kunstige tårer i to veker ikkje forbetra desse målingane. Det er kjent at grå stær-operasjon kan forårsaka tørre auge i ein kort periode etter operasjonen. Studiane våre kunne ikkje påvisa at det å behandla med kunstige tårer utan konserveringsmiddel hadde nokon effekt på tørre auge som er forårsaka av operasjonen.