Disputas: Christina Hernandez Engelhart

Christina Hernandez Engelhart forsvarer avhandlinga si for doktorgrada i helsevitskap.

Prøveforelesing: Korleis kan jordmor balansera etiske vurderingar om helsa til fosteret opp mot gravide kvinners autonomi og ønskjer i forhold til fosterovervaking?

Vurderingskomité:

Disputasleiar er professor Tine Schauer Eri, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Ellen Blix, OsloMet. Medrettleiarar er professor Anne Kaasen, OsloMet og førsteamanuensis Aase Serine Devold Pay, OsloMet.

Samandrag av avhandlinga

Tittel på avhandlinga: "Intrapartum fetal heart rate monitoring; exploring reliability, agreement, and traditional midwifery knowledge."

Ein fødsel representerer ein stor overgang for eit foster, frå å vere avhengig av blodforsyninga frå morkaka for oksygenering, til at den nyfødde må puste sjølv.

Dei fleste fødslar går utan komplikasjonar for det nyfødde barnet, men det er situasjonar som kan forstyrre oksygeneringen. Hovudsakleg er det på grunn av rier, som fører til gjenteken reduksjon av blodforsyning til morkake, og dermed oksygenering til fosteret.

Fosterovervaking under fødsel blir gjord av helsepersonell dagleg, med det primære målet å identifisere foster som er utsette for utilstrekkeleg oksygenforsyning. Prosedyren er basert på gjettinga om at visse endringar i fosterhjartelyden kan indikere utilstrekkeleg føtal oksygenering.

Ved å overvake fosterlyden kan helsepersonell vurdere endringane, og intervenere i rett tid for å prøve å forhindre skade.

Dei overordna måla med denne avhandlinga var å utforske reliabilitet og semje ved helsepersonell-evaluering av fosterovervaking under fødsel, i tillegg til å utforske praksis, ferdigheiter og erfaring ved bruk av jordmorstetoskop under fødsel.