Prøveforelesing: "The Carbohydrate-insulin model – a new paradigm for the explanation of the obesity epidemic?"
Vurderingskomiteen består av
- første opponent: professor Rikard Landberg, Chalmers tekniska högskola, Sverige
- andre opponent: førsteamanuensis Anne-Marie Aas, Universitetet i Oslo
- leiar av komiteen: professor Marianne Molin, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Asgeir Brevik, OsloMet.
Rettleiarane er førsteamanuensis Mari Myrhstad, OsloMet og førsteamanuensis Vibeke Telle-Hansen, OsloMet.
Samandrag av avhandlinga
Tittel på avhandlinga: "Diet, gut microbiota, and metabolic regulation in human studies."
Forbetra feittkvalitet og høgt fiberinntak påverkar metabolsk regulering og reduserer risiko for metabolske sjukdommar. Kosten påverkar også tarmfloraen, men i kva grad tarmfloraen er involvert i metabolsk regulering veit me mindre om.
Metode
Friske vaksne deltakarar vart inkluderte i to overkryssa kostintervensjonar med varigheit på tre dagar og i ein tverrsnittstudie.
Målet var å undersøkje effekten av å byte ut inntak av metta feitt (SFA) med fleirumetta feitt (PUFA) (studie 1, n = 17), og inntak av eit granola-kveldsmåltid med ulik mengde beta-glukan (studie 2, n = 14) på glykemisk respons etter ein glukosebelastningstest etterfølgjande morgon.
Effekten på tarmflora og andre metabolittar som korte feittsyrer (SCFA) vart også undersøkte. I tillegg vart samanhengen mellom tarmflora, kostinntak, og metabolske og antropometriske markørar i ein tverrsnittstudie undersøkt (studie 3, n = 49).
I desse studiane samla me inn biologiske prøver som mellom anna glukose, insulin, lipid og feittsyrer, i tillegg til antropometri, avføringsprøver for undersøking av tarmflora og informasjon om kosthald.
Resultater
Inntak av PUFA samanlikna med SFA påverka ikkje-glykemisk respons, men reduserte nivået av totalkolesterol med 0.4 mmol/l, tilsvarande 8 prosent reduksjon, etter berre tre dagar (studie 1).
Inntak av PUFA auka Lachnospiraceae og Bifidobacterium spp. samanlikna med SFA, og auka Lachnospiraceae var assosiert med lågare totalkolesterol. Det var inga endring i plasma SCFA eller gallesyrer etter inntak av PUFA samanlikna med SFA (studie 1). Inntak av eit granolamåltid med 3,2 g beta-glukan i tre dagar reduserte glykemisk respons etterfølgjande morgon, og reduksjonen var dose-uavhengig (studie 2).
Alle måltida, uavhengig av mengde beta-glukan, auka nivå av Haemophilus, Veilonella og Sutturella, i tillegg til fastande SCFA acetat og butyrat, men ikkje propionat, samanlikna med baseline. Fastande peptid YY (PYY) auka med aukande mengde beta-glukan, og fleire tarmbakteriar korrelerte med SCFA og glykemiske markørar (studie 2).
I tverrsnittstudien var fleire bakteriar assosierte med kosten og metabolske og/eller antropometriske markørar (studium 3). Eksempelvis var Bacteroides stercoris positivt assosiert med fiberinntak og auka overhalding av «Healthy Nordic Food Index» og negativt assosiert med diastolisk blodtrykk.
Konklusjon
Forbetra feittkvalitet og inntak av beta-glukan i eit granolamåltid reduserte høvesvis nivået av totalkolesterol og glykemisk respons, og endra tarmfloraen hos friske individ.
Tarmfloraen er assosiert med både kosten og metabolske markørar i friske individ. Funna våre tyder på at endringar i kosten påverkar metabolske markørar i friske individ gjennom å endre tarmfloraen.