English version

Disputas: Håvard Aaslund

Håvard Aaslund disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Egenorganisering blant huslause: Eit aksjonsforskningsprosjekt om identitet og ressursmobiliser".

Prøveforelesing startar kl. 10.00 i zoom, med tittel " Å gjere aksjonsforskning. Refleksjonar over forskaren sine utfordringar og moglegheiter i samskapinga av kunnskap, med utgangspunkt i erfaringane frå Karigate."

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 i zoom.

Komiteen

Leiar for disputasen

Rettleiarar

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga er ei deltakande aksjonsforskningsstudie av egenorganisering blant menneske som opplever bostedsløyse. Studien baserer seg på bustadprosjektet «Karigate» – eit bebuarstyrt fellesskap med demokratisk styrte bedrifter, for menneske som står langt unna bustad- og arbeidsmarknaden. Gjennom å studere bustadprosjektets mål om å skape noko nytt på bustadmarknaden, og ved å mobilisere menneske som sjølv har opplevd bostedsløyse, er avhandlinga sitt formål å bidra til auka kunnskap om barrierar og moglegheiter for egenorganisering blant menneske som har utfordrande bustadsituasjonar.

Eit sentralt utgangspunkt for avhandlinga er å forstå egenorganisering som ei kollektiv handling. Studien er derfor inspirert av teoriar om sosiale rørsler, der kollektiv handling blir forstått som resultat av prosessar knyte til kollektiv identitet, kollektiv innramming, ressursmobilisering og politisk moglegheitsrom. Identitet og posisjonering, stigma og demokratisk deltaking er også sentrale perspektiv for å forstå utviklinga av den kollektive handlinga.

Avhandlinga baserer seg på eit fireårig prosjekt for å etablere «Karigate». Prosjektet vart starta av ei gruppe kvinner på ein akuttovernatting, som i samarbeid med sosialarbeidarar, meg som forskar og ein frivillig organisasjon, planla, implementerte og gjennomførte prosjektet.

Resultata viser tre sentrale funn som bidrar til å forstå moglegheitene for egenorganisering blant bostedslause: Det første er korleis egenorganisering vart hemma av deltakarane sine opplevingar av stigma og institusjonalisering, mellom anna konkretisert via korleis dei opplevde seg fastlåst gjennom språkbruk. Det andre funnet er korleis bevisstgjering om tydinga av språk og uttrykk, var avgjerande for utvikling av ein kollektiv identitet, «vi»-kjensle og ein samlende forteljing om «Karigate». Det tredje funnet er korleis organiseringa av prosjektet og relasjonen til den frivillige organisasjonen, vart avgjerande for prosjektet sin framvekst og avslutting.

Avhandlinga sine resultat er formidla gjennom fire vitskaplege artiklar.

Samla sett belyser avhandlinga korleis egenorganisering blant bostedslause er påverka av prosessar knyte til identitet, kollektiv handling, ressursmobilisering og organisatoriske forhold. Resultata avdekkar ny kunnskap om bostedslause sine behov, ressursar og moglegheiter, samt barrierar knyte til stigma og organisatoriske forhold. Koblinga mellom språk og bevisstgjering, kollektiv identitet og kollektiv handling framstår som særleg viktig for å forstå framveksten av egenorganiseringa. Bevisstgjering og identitetsarbeid var ikkje berre eit mål i seg sjølv, men eit nødvendig middel for å jobbe med å betre dei materielle føresetnadene.