Disputas: Håvard Brede Aven

Håvard Brede Aven disputerer for graden ph.d. i profesjonsstudier med avhandlingen «Det tekniske miljøet. Ingeniørar og norsk miljødebatt, 1945-1975».

Bedømmelseskomiteen består av:

Disputasleder er senterleder Beate Elvebakk, Senter for profesjonsforskning, OsloMet.

Veilederne er professor Fredrik Thue (OsloMet) og Pål Nygaard (Handelshøyskolen BI).

Sammendrag

Denne avhandlinga handlar om debattar om globale miljøproblem blant norske ingeniørar i perioden mellom 1945 og 1975, og korleis enkelte ingeniørar deltok i breiare, offentlege ordskifte om miljøproblem som ein slags tekniske intellektuelle.

Bakgrunn

Avhandlinga plasserer seg innanfor den skandinaviske og engelskspråklege miljøhistoriske litteraturen, og til dels innan teknologihistorie. Det teoretiske utgangspunktet er vitskaps- og kunnskapshistoriske tilnærmingar til kunnskapssirkulasjon, samt profesjonsteori.

Metodisk er avhandlinga inspirert av Cambridge-skulens form for idéhistorie og omgrepshistorie, men legg større vekt på krinsløpet av kunnskap og idear. Kjeldematerialet består først og fremst av digitaliserte aviser, Teknisk ukeblad, møtereferat frå Den norske ingeniørforening og populærvitskapleg litteratur.

Metode

Avhandlinga tar utgangspunkt i ordskiftet i den tekniske offentlegheita som Teknisk ukeblad, Polyteknisk forening og møta i Den norske ingeniørforening utgjorde. Derfrå utforskar den sirkulasjonen av tekstar og ytringar om miljøproblem som i ettertid har blitt rekna som sentrale i oppkomsten av globale miljøomgrep: Frå William Vogts Road to Survival (1948), via oppropa mot atomprøvesprengingar på 1950-talet og Rachel Carsons Silent Spring (1962), til Limits to growth (1972) og andre modelleringar av det framtidige globale miljøet.

Sjølve analysen dreier seg om korleis slike åtvaringar blei brukt og omforma av norske ingeniørar og av publikumma deira: av tillitsvalde i ingeniørforeiningane, industrileiarar og forskingssjefar, skribentar i tekniske tidsskrift og populærvitskaplege forfattarar, både i meir eller mindre interne faglege forum og i breiare offentlegheiter.

Funn

Avhandlinga viser korleis forståingane, betydninga og relevansen av åtvaringane om miljøproblem endra seg idet dei blei introdusert, imøtegått og vurdert på ulike arenaer og av ulike aktørar. Gjennom heile perioden blei diskusjonar om slike miljøproblem vikla inn i diskusjonar om ingeniørars ansvar, forholdet til andre kunnskapsformer og skiftande forståingar
av teknologi.

Særleg debattane om radioaktivt nedfall på 1950-talet, og deretter modelleringar av det globale miljøet og framtidsstudiar rundt 1970, blei sentrale i Ingeniørforeininga sine famlande forsøk på å koordinere ei form for ikkje-teknokratisk samfunnsansvar. Ved å også følge desse debattane gjennom andre offentlege arenaer, bidrar avhandlinga til å forstå korleis globale miljøproblem fekk merksemd i norske offentlegheiter – og grensene for denne merksemda.