Les meir om disputasen på den engelske nettsida. Du kjem dit ved å klikke på "English version" øvst på denne nettsida.
Samandrag av avhandlinga
Denne avhandlinga undersøkjer samanhengen mellom betalt og ubetalt arbeid i andre halvdel av livet, med fokus på frivillig arbeid og uformell omsorg for familie. Avhandlingen ser på to viktige overgangar i denne livsfasen: når foreldre treng hjelp eller pleie, og overgangen frå betalt arbeid til pensjon. Sentrale spørsmål er om ubetalt og betalt arbeid er i konkurranse med kvarandre, og om tidlegare engasjement og motivasjon påverkar ubetalt arbeid.
Første artikkel viser at både det å slutte i jobb og å jobbe deltid aukar sannsynlegheita for å gjøre ubetalt arbeid blant dei mellom 62 og 75 år. Den andre artikkelen viser at kvaliteten i relasjonen til foreldra ti år tidlegare har betydning for om døtre gir hjelp og omsorg til foreldra.
I den tredje artikkelen, der ein ser på omsorg gitt til foreldre i dei siste leveåra, finn ein ingen samanheng med endringar i yrkesaktivitet, men dei som gir omsorg har ein meir negativ inntektsutvikling.
Samla sett viser resultata at det er ein viss konkurranse mellom betalt og ubetalt arbeid i andre halvdel av livet. Sannsynlegheita for å gjøre ubetalt arbeid er høgare for dei som har sluttet å jobbe. Dei som gir foreldreomsorg har derimot ei dårlegare inntektsutvikling i perioden rundt foreldras død. Resultata viser òg at ubetalt arbeid i eldre år kan vere avhengig av erfaringa med slik deltakelse frå tidlegare. Når det gjeld foreldreomsorg, har relasjonskvalitet over tid ein større betydning enn generelle oppfatningar om vaksne barns omsorgsansvar.