Prøveforelesing
Kl. 10.00-10.45.
Tittel på prøveforelesinga: Kritiske perspektiv på tverrfagleg samarbeid, pasientperspektiv og brukarmedverknad i arbeidet med å styrke health literacy i helse- og sjukehustilbodet.
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00.
Komiteen
- Første opponent: Dosent Camilla Udo, Høgskolan i Dalarne
- Andre opponent: Professor Lennart Nygren, Umeå University
- Tredje opponent: Førsteamanuensis Siri Fjeldheim, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Dekan Oddgeir Osland, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Amy Østertun Geirdal, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Forsker Una Stenberg, Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH)
- Medrettleiar: Seniorforsker Andre Vågan, Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse (NK LMH)
Samandrag
Denne avhandlinga er ein kvalitativ studie om sjukehusosialarbeidaren si praksis ved akutt og kritisk sjukdom hos barn og unge. Avhandlinga byggjer på semistrukturerte individuelle intervju med 19 sjukehusosialarbeidarar tilknytta barne- og ungdomsavdelingar på 12 somatiske sjukehus i Noreg. Den består av tre artiklar som på ulike måtar undersøkjer sjukehusosialarbeidaren sitt jurisdiksjonelle arbeid.
Første artikkelen tar utgangspunkt i beskrivingar av behov, intervensjonar og grunngjevingar for praksis og knyter dette opp mot eit helsekompetanseperspektiv. Den andre artikkelen bruker grensearbeid som eit analytisk omgrep for å utforske korleis sjukehusosialarbeidarane posisjonerer seg i det tverrprofesjonelle samarbeidet. Den tredje artikkelen utforskar kompetansar som er sentrale for å bygge bro mellom personar, organisasjonar og ulike perspektiv.
Avhandlinga sine funn knytt til sjukehusosialarbeidaren sine grunngjevingar for praksis kan oppsummerast i deira ønskje om å styrke foreldra si oppleving av oversikt, forutsigbarheit og kontroll. Med grunnlag i kunnskap om ulike behov i ein akuttsituasjon, om velferdssystemet og om ulike medisinske forhold, søkjer dei å styrke foreldra si helsekompetanse gjennom informasjon og rettleiing, identifisering av behov for medisinsk informasjon, ivaretaking av emosjonelle behov og bygge bro mellom personar og perspektiv.
Når det gjeld posisjonering i tverrprofesjonelt samarbeid peikar funna på to hovudstrategiar hos sjukehusosialarbeidarane. På den eine sida ønskjer dei å framstå som noko distinkt anna enn nærliggjande yrkesgrupper. Samstundes søkjer sjukehusosialarbeidarane tverrprofesjonelt samarbeid ved å byggje relasjonar og ved å leggje mindre vekt på dei jurisdiksjonelle grensene.
Funn knytt til artikulering av kompetanse viser kompetansar som på ulike måtar kan relaterast til persontilpassa praksis, evna til å ta andres perspektiv og bygge bro mellom ulike interesser og perspektiv.
Avhandlinga sine funn fremjar aktuelle tverrprofesjonelle interaksjonsmekanismer og kompetansar, og understrekar betydninga av å inkludere politisk initierte samfunnsoppdrag som del av praksisgrunngjevingar. Avhandlinga sine funn kan forståast som bidrag til å styrke sjukehusosialarbeidaren si legitimering av praksis, posisjon og kompetanse, som vil ha betydning for jurisdiksjonelle prosessar. Dette vil igjen kunne ha innverknad på profesjonaliseringsprosessar utanfrå.