Prøveforelesing startar kl. 10.00 i zoom
Tittel: EBP i sosialt arbeid – moglegheiter og avgrensingar
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 i zoom.
Komiteen
- Førsteopponent: Universitetslektor Kajsa Svanevie, Linnéuniversitetet
- Andreopponent: Professor Halvor Fauske, Høgskolen i Innlandet
- Leiar av komiteen: Førsteamanuensis Jorunn Vindegg, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
- Prodekan Per Arne Olsen, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Ira Malmberg-Heimonen, Institutt for sosialfag, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Førsteamanuensis Dag Jenssen, Institutt for sosialfag, OsloMet – storbyuniversitetet
Samandrag av avhandlinga
Evidensbasert praksis (EBP) blir stadig viktigare i sosialarbeidarpraksisen. Trass i aukande forsking på EBP, er konseptet lite utforska i ein norsk kontekst. Denne avhandlinga siktar mot å utforske sosialarbeidarars haldningar til og praksis av EBP. Eg bruker «multicomponent model of attitude» og «theory of planned behavior» til å forstå haldningar og åtferdsendring. Datasamlinga består av ei spørjeundersøking blant 2060 sosialarbeidarar, og 30 intervju med sosialarbeidarar og leiarar i NAV og barnevernet.
Studien viser at sosialarbeidarar i barnevernet generelt er mindre kritiske til EBP enn dei som jobbar i NAV, og at kunnskap om EBP kan førespå mindre kritiske haldningar. I tillegg viser funna at sosialarbeidarar som bruker manualbaserte og standardiserte prosedyrar er mindre kritiske til EBP.
Studien identifiserte fem barrierar mot EBP: (i) uro for negativ påverknad på forholdet til klienten, (ii) mangel på tid, (iii) top-down implementering, (iv) avgrensing av sosialarbeidarars autonome avgjerdsprosess, og at (v) EBP-modellar ikkje alltid passar klienten eller familien sine behov.
Dei tre vanlegaste kunnskapskjeldene blant deltakarane var klientar, arbeidserfaring og kollegaer. Funnene viser viktigheten av å lære sosialarbeidarar å kritisk vurdere forsking.
Masterstudentar er meir positive til ESTs og EBP samanlikna med bachelorstudentar. Mindre grad av rapportert opplæring i EBP var assosiert med meir kritiske haldningar til konseptet. Funnene indikerer at det er behov for å leggje vekt på EBP i utdanning for å auke positive haldningar og utøving av EBP.
Denne avhandlinga gir ny innsikt i EBP, og viser viktigheten av å fremme sosialarbeidarars kunnskap om EBP-prosessen. Misforståingar og feilaktige framstillingar rundt konseptet er framleis tydelege i sosialsektoren. Funnene viser viktigheten av å integrere EBP i utdanninga for å auke sosialarbeidarars kjennskap til konseptet. Avhandlinga drøftar levedyktigheita til EBP i sosialt arbeid. Funnene har konsekvensar for framtidig praksis, ettersom dei argumenterer for viktigheten av å bruke forsking og evidens i praksis og utdanning.