English version

Disputas: Kamilla Aslaksen

Kamilla Aslaksen disputerer for ph.d.-graden i bibliotek- og informasjonsvitskap med avhandlinga "Amtmannens døtres liv. Ei bokhistorisk undersøking av Noregs første moderne roman."

Kamilla Aslaksen forsvarer si avhandling i doktorgradsprogrammet bibliotek- og informasjonsvitskap. 

Prøveforelesing er fredag, 29. november 2019, kl. 10-10.45.
Tittel er "Anonymitet, pseudonymitet og kjønn i den europeiske 1800-talsromanen".

Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga fredag 29. november 2019 kl. 12.00 - 15.00.

Komiteen består av:

Leiar for disputasen er prodekan Ivan Harsløf,  Fakultet for samfunnsvitenskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiar er professor Kjell Ivar Skjerdingstad, OsloMet – storbyuniversitetet

Samandrag

Amtmannens døtre av Camilla Collett kom ut i 1854 og 1855 og er rekna som Noregs første moderne roman. Den er ei litterær utforsking av dei symbolske og materielle vilkåra menneske lever ved, gjennom ei skildring av eit borgarleg miljø i periferien av Europa under modernitetens tidlege fase. Med utgangspunkt i Walter Benjamins omgrep «verkets liv» og ut frå bokhistoriske perspektiv, belyser avhandlinga romanen som eit sosialt, symbolsk og materielt situert fenomen. Med den føresetnaden at 1800-talets litterære felt og frambringingar må forståast i lys av tidas symbolske og materielle deling av kjønna i to «sfærar», blir romanen undersøkt ut frå fire dimensjonar.

1. Ein av føresetnadene Amtmannens døtre kviler på, er det tidlege 1800-talets ekspanderande bokindustri. Med over 150 referansar til bøker, lesing og lesarar inntek bøker ein sentral plass i Colletts realistiske romanunivers. Ved å lese Amtmannens døtre som eit «bibliotek», og å undersøke lesinga si funksjon, viser avhandlinga korleis bøker og lesing formar sinn, idear og relasjonar. Via symbolske univers formidla mellom anna gjennom den omsette romanlitteraturen, utforskar og utfordrar Amtmannens døtre modernitetens doble kjønnsdiskurs og dens alvorlege konsekvensar.

2. Mottakinga av Amtmannens døtre i utgjevingsåret blir undersøkt som eit breitt, bokhistorisk fenomen. Samanlikna med samtidige bokutgjevingar av til dømes Ibsen, var interessa for Colletts roman intens. Romanen utfordra både etiske og estetiske vurderingskriterium, særleg med omsyn til kjønn. Mottakinga, mellom anna ved for første gong å diskutere «den norske tendensromanen», la grunnlaget for ein moderne litteraturkritikk i Noreg.

3. Collett publiserte Amtmandens Døtre (1855) anonymt, og brukte seinare signaturpseudonymet «Forfatteren til Amtmandens Døtre». Avhandlinga undersøker (det manglande) forfattarnamnet si sosiale (Foucault) og paratekstuelle (Genette) funksjon i Amtmannens døtres liv. Anonymiteten handla nok om å underleggje seg 1800-talet sine kjønna grensemarkeringar, men viste seg òg å fungere dempande på typiske ad feminam-lesingar av romanen. Signaturpseudonymet imøtekom 1800-talet sine nye symbolske og materielle krav til forfattaren, der forfattarnamnet no hadde blitt ein viktig ressurs i bokmarknaden.

4. Den fjerde og siste dimensjonen som blir utforska, er Amtmannens døtres materielle liv. Bind, sats, paratekstar osb. i Amtmannens døtre-utgåver frå 1854 fram til i dag, blir undersøkte. Forholdet mellom tekst, materialitet og meiningsskaping blir drøfta (McKenzie), og deira ulike teknologiske vilkår og funksjonar i skiftande litterære offentlegheiter, blir analyserte.