- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: professor Nina Cecilie Øverby, Universitetet i Agder
- andreopponent: professor og prodekan Christel Larsson, Universitetet i Gøteborg, Sverige
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Dag Karterud, OsloMet
Disputasleiar er professor Sigrun Henjum, OsloMet.
Hovudrettleiar er daglig leiar, ph.d. Samira Lekhal, GreeNudge. Medrettleiarar er førsteamanuensis Ratib Lekhal, Universitetet i Oslo og professor Sølvi Helseth, OsloMet.
Samandrag av avhandlinga
Tittel på avhandlinga er "Promoting healthy eating in kindergartens: understanding the factors influencing food provision and implementing meal practices in alignment with national guidelines."
Barnehagar er ein sentral arena for å fremme eit sunt matmiljø, men det er oppsiktsvekkande variasjon i korleis mat og måltid blir handtert på tvers av ulike barnehagar.
I denne avhandlinga har vi dykka ned i kva faktorar som påverkar korleis mat blir servert i barnehagane og korleis måltidspraksisen blir gjennomført i tråd med nasjonale retningslinjer. Vi har utforska samanhengen mellom størrelsen på matbudsjettet og kvaliteten på maten som blir servert. Vi har også sett på korleis kunnskap og bruken av nasjonale retningslinjer blant barnehagepersonalet kan påverke kvaliteten på maten. Vidare har vi intervjuet tilsette for å få innsikt i utfordringane deira med å implementere retningslinjene for mat og måltid i barnehagen.
Studien vår viser at det ikkje nødvendigvis er slik at eit høgare matbudsjett gir betre matkvalitet. Derimot ser det ut til at kjennskapen personalet har til dei nasjonale retningslinjene speler ei viktig rolle. Vi oppdaga også at individuelle faktorar, som personalet sine eigne preferansar og interesser, og dessutan om barnehageleiinga prioriterer mat og måltid, har stor innverknad på korleis mat- og måltidspraksis blir gjennomført i tråd med nasjonale retningslinjer.
Ei viktig hindring for standardisert mat- og måltidspraksis er at kommunen ikkje er aktivt involvert i desse aspekta av barnehagedrifta, og dessutan at mat og måltid i barnehagar ikkje blir høgt nok prioritert. Då er det prisgitt at enkelte tilsette har motivasjon og meiner mat og måltid er såpass viktige at det blir prioritert i barnehagen. Dette kan føre til store forskjellar i praksis mellom barnehagar, noko som er uheldig då det fører til ulike moglegheiter for barna til å etablere gode vanar.
Framover bør det blir lagt større vekt på strategiar for implementering av retningslinjer. I tillegg må kommunale og statlege myndigheiter ta ei meir aktiv rolle for å styrke matmiljøet i alle barnehagar.