- 10.00: Prøveforelesing: Bidraget til kvalitativ metode innan forsking på klinisk behandling
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: førsteamanuensis Monica Buhrman, Uppsala universitet, Sverige
- andreopponent: seniorforskar Marianne Vibeke Trondsen, Nasjonalt senter for e-helseforsking, Norge
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Christoffer Eilifsen, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Torunn Lian, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Anders Nordahl-Hansen, Høgskolen i Østfold.
Medrettleiarar er Professor Tine Nordgreen, Universitetet i Bergen og førsteamanuensis Børge Strømgren, OsloMet.
Last ned avhandlinga frå ODA (oda.oslomet.no).
Samandrag av avhandlinga
Tittelen på avhandlinga er "Exploring Internet-delivered treatment for depression."
Depresjon er ei psykisk liding som rammar mange. Det er ei liding som påverkar humør, kjensler og åtferd, og har stor innverknad på kvardagen til dei som er ramma. Både i Noreg, og på verdsbasis er det ei utfordring å sikre behandling til alle som er ramma av depresjon.
Ubehandla depresjon er knytt til mykje liding og høge samfunnsmessige kostnader. Eit forslag for å gjere behandling lettare tilgjengeleg og mindre ressurskrevjande er å tilby behandling levert over internett.
Det er gjort ei rekke studiar der ein har funne at internettlevert behandling kan vere effektivt for pasientar med depresjon, men det er også funne ein del utfordringar med denne måten å levere behandling på. Det er derfor viktig å undersøke både fordelar og utfordringar med internettleverte behandlingar for å sikre at dei er gode og nyttige alternativ for pasientar med depresjon.
I doktorgradsarbeidet mitt har eg og medforfattarar gjennomført tre studiar med fokus på terapeutrettleidd internettlevert behandling for depresjon.
Studie ein
I den første studien samla og samanfatta eg forsking som tidlegare er gjord på feltet, både for å kunne seie noko om kva som er gjort, men også noko om kva som ikkje er gjort.
I denne studien fann vi 111 studiar der rettleidd internettlevert behandling var testa for deltakarar med depresjon. Vi avdekte ein del svakheiter ved forskinga, for eksempel mangelfull rapportering av kor mange som hadde fullført behandlingane.
Studie to
I den andre studien intervjua eg terapeutar som jobba med internettlevert behandling for depresjon. Her var målet å få vite litt om korleis dei opplevde dette. Terapeutane beskreiv at det var utfordrande å vite kva pasientar denne typen behandling passa best til.
Terapeutane opplevde at behandlinga stiller høge krav til pasientane, dei sjølv som terapeutar og klinikkane som skal tilby behandlinga. Dei rapporterte også at behandlinga kjennest litt for standardisert, og at dei sakna moglegheiter til å tilpasse meir til kvar enkelt pasient.
Studie tre
I den tredje studien intervjua eg personar som sjølv hadde erfaring med depresjon, om korleis dei opplevde eit nytt behandlingsprogram som dei hadde testa ut i nokre veker.
Deltakarane var skeptiske til om dei sjølv hadde klart å fullføre programmet når dei var deprimerte, og dei anbefalte å kombinere internettlevert behandling med andre tilbod i helsevesenet.
Deltakarane her beskreiv også veldig ulike behov og preferansar, og det blei tydeleg at det vil vere utfordrande å designe eit program som ville passe alle pasientar perfekt.
Resultat
Resultata gir omfattande innsikt i forsking på, og bruk av, internettleverte behandlingsprogram. Dette vil vere nyttig for vidare utvikling av programma og for vidare forsking i fagfeltet.