Tittel på avhandling: "Perspektiv, roller, og kunnskapsoverføring blant interessentane i forskingsdata deling".
Les meir om disputasen på den engelske nettsida. Du kjem dit ved å klikke på "English version" øvst på denne nettsida.
Samandrag av avhandlinga
Denne avhandlinga undersøkjer samarbeid og kunnskapsutveksling mellom aktørar når infrastrukturløysingar for deling av forskingsdata blir utvikla. Målet er å forstå forholdet mellom ulike tilnærmingar og ekspertise hos aktørane, og korleis desse perspektiva påverkar samarbeid og kunnskapsutvikling.
Første del av studien er basert på ein Delphi-studie i tre fasar, der 24 aktørar med høg ekspertise delte syna sine på forskingsdatahandtering. Resultata viser at det er ein viss usemje mellom aktørane om korleis og kvifor deling av forskingsdata skal finne stad, og ei ny rolle for databehandling og -kuratering oppstår.
Avhandlinga består av tre artiklar som går inn i spesifikke tema innan forskingsdatahandtering: ulike datarøkterroller, korleis datahandteringsplanen kan legge til rette for kuratering og deling av forskingsdata, og korleis forskingskvalitet og personvern balanserast gjennom forskingsdataens livssyklus.
Resultata peikar på at politiske føringer kan kome i konflikt med aktørane sine eigne mål og agendaer, og at ressursar brukt på infrastrukturutvikling kan fjerne fokus frå forskingskvalitet. For at forskingsdatastøttetenester skal lukkast, trengst ein kombinasjon av praksis, læring og anerkjenning. Dette kan oppnåast ved å legge til rette for at datarøktere kan halde aktive medlemskap i ulike fagmiljø.
Tettare samarbeid mellom ulike tilbydarar av støttetenester for forskingsdata er etterspurd, og einigheit om standardar, einingar og definisjonar er naudsynt for å legge til rette for kunnskapsutveksling. Denne kunnskapsutvekslinga krev kommunikasjonslinjer der aktørar med tilhøyrsle i ulike fagfelt kan utveksle og omsetje ulike tilnærmingar for å skape felles forståing.