English version

Disputas: Magne Bråthen

Magne Bråthen disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Når kunnskapen om kva som verkar møter praksisfeltet sitt avgrensa handlingsrom - Arbeidsinkludering av personar med psykiske helseproblem".

Tittel:  «I kva grad er IPS eigna for personar med psykiske helseproblem, og korleis kan ein motverka dei nedprioriteringane som avhandlinga  dokumenterer?»

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 11.00 

Komiteen

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland,  Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiarar

Samandrag av avhandlinga

Personar med psykiske helseproblem slit med å etablere seg i arbeidslivet. Avhandlinga undersøkjer korleis overordna føringar, forankra i forsking, vert sett ut i livet på Nav-kontor. Nav-rettleiarane sitt handlingsrom for å omsetje retningsliner i praksis er avgjort av ei rekkje forhold som kan hindre personar med psykiske helseproblem å motta det fagfeltet har konkludert med at er den beste oppfølginga.

Analysane viser at Nav-rettleiarane er medvitne om dei kunnskapsbaserte føringane i oppfølginga av brukarar med psykiske helseproblem, som vektlegg brukarane sine eigne skildringar av utfordringar og arbeidsønskje, det ordinære arbeidslivet som arena for opptrening og arbeidspraksis, og ein tett og individuell oppfølging som ved behov òg involverer samarbeid med helsesida i hjelpeapparatet.

Med avgrensa ressursar møter rettleiarane likevel nokre utfordringar i arbeidet med å yte ein slik innsats. Desse er knytte til brukarane sin helsetilstand, arbeidsgjevarane sine ønskje og preferansar når det gjeld arbeidskraft, og manglande verkemiddel for å yte det dei anser som nødvendig oppfølging.

Resultata som blir presenterte i avhandlinga synleggjer viktigheita av kontinuerlig å identifisere mogelege grupper som systematisk blir nedprioriterte, og kva dei underliggjande årsakene kan vere. Dette er ein føresetnad for å sikre at alle mottar ein kunnskapsbasert arbeidsretta innsats frå hjelpeapparatet. I tillegg bør kunnskapsgrunnlaget som blir nytta i utforminga av den aktive arbeidsmarknadspolitikken utvidast. Tverrfagleg forsking som adresserer konteksten tiltak og retningsliner vert sett i verk i, rettleiarane sine val, og heile oppfølgingsløp, vil utgjere verdifulle bidrag i utviklinga av Nav sitt tilbod til personar med psykiske helseproblem.