English version

Disputas: Marianne Buen Sommerfeldt

Marianne Buen Sommerfeldt disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med tittelen "Meir enn berre ein jobb. Relasjonar mellom ungdom og tilsette innanfor barneverninstitusjonen som kontekst."

Prøveforelesing

Frå 10.00 til 10.45. Tittel på prøveforelesinga: "Diskuter sentrale institusjonelle, organisatoriske og profesjonsfaglege utfordringar for sosialt arbeid i dag."

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga frå 12.00.

Komiteen

Leiar for disputasen

Prodekan Agnete Vabø, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiarar

Samandrag

Denne avhandlinga er ein kvalitativ studie om sosialt arbeid på barneverninstitusjonar, som byggjer på tre delstudier. Desse ser på handlingsrommet for å utvikle relasjonar mellom ungdom og tilsette ved barneverninstitusjonar. Dei tre datasetta består av kvalitative intervju med ungdom, lydopptak av tilsettes diskusjonar med kvarandre, samt institusjonsplanar frå i dag, 1850-talet og 1950-talet. På kvar sin måte peikar analysane av desse datasetta på vilkår og diskursar som pregar relasjonelle praksisar mellom ungdom og tilsette. Den overordna problemstillinga er: Korleis gir barneverninstitusjonen handlingsrom for å utvikle relasjonar mellom ungdom og tilsette?

Avhandlinga legg ein poststrukturalistisk vitskapsteoretisk posisjon til grunn, som inneber ei avvising av moglegheita til å finne eit fenomens kjerne, og ei forskyving til å rette forskinga mot kva som framstår som verkeleg. Med dette som utgangspunkt søkjer avhandlinga etter kva som framstår som handlingsrommet for å inngå i anerkjennande relasjonar med kvarandre, gjennom å rette blikket mot korleis institusjonsplanar, og korleis ungdommar og tilsette kommuniserer omkring relasjonelle praksisar og innhaldet i kvardagslivet ved barneverninstitusjonen.

Dei tre delstudiene har resultert i tre artiklar basert på kvart sitt datasett. Den første artikkelen byggjer på analysar av institusjonsplanar frå noverande tid sett i lys av planar frå omkring 1850 og 1950. Artikkelen viser korleis subjektposisjoneringar av barnet som eit skadd barn og samstundes som eit rettighetsbarn opnar for bestemte praksisar og bidrar til å skape handlingsrommet for utviklinga av relasjonar mellom ungdommar og tilsette.

Den andre artikkelen byggjer på kvalitative intervju med ungdom som budde på barneverninstitusjon på tidspunktet for intervjuet. I arbeidet med artikkelen utforska eg ungdommenes forteljingar om kvardagslivet ved barneverninstitusjonen og om deira relasjonar til dei tilsette.

Den tredje artikkelen byggjer på analysar av lydopptak av drøftingsmøter for tilsette ved barneverninstitusjonar. Artikkelen ser på korleis tilsette artikulerer sosialt arbeid i sine drøftingar knytt til arbeidet med éin spesifikk ungdom.

Barneverninstitusjonar er stadig gjenstand for kritisk søkjelys i offentlegheita og det er av vesentleg betydning at barn og unge som bur på barneverninstitusjon får eit godt tilbod, tilpassa deira behov. Avhandlingas tre artiklar viser på kvar sin måte komplekse samanhengar som kan utfordre handlingsrommet for utviklinga av relasjonar mellom ungdommar og tilsette ved barneverninstitusjonen. Avhandlinga bidrar med kunnskap om korleis ungdommar og tilsette ved barneverninstitusjonar kan utvikle relasjonar til kvarandre. Anerkjennande relasjonar, som ein sentral bestanddel i det sosialfaglege arbeidet, mellom ungdom og tilsette er mogleg, og finn stad, men det krev ein særleg medvit om mekanismar som kan verke avgrensande for at slike relasjonar skal kunne utvikle seg.