Disputas: Marianne Morseth

Marianne Morseth forsvarar avhandlinga si for doktorgrada i helsevitskap.

Prøveforelesing: "Catch-up growth in stunted children – causes and consequences for future health and pregnancies."

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er professor Sølvi Helseth, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Liv Elin Torheim, OsloMet. Medrettleiarar er førsteamanuensis Sigrun Henjum, OsloMet og professor Tor Strand, Universitetet i Bergen.

Samandrag av avhandlinga

Tittel på avhandlinga: "Infant and young child feeding practices and associations between micronutrient adequacy, environmental enteric dysfunction and growth among 9-24 months old children in Nepal."

Veksthemming har alvorlege konsekvensar for helse og menneskeleg kapital på tvers av generasjonar. Direkte årsaker til veksthemning er mangelfullt inntak av næringsstoff og sjukdom.

Environmental enteric dysfunction (EED), ein sub-klinisk infeksjon i tarmen, påverkar samanhengen mellom inntak av næringsstoff og lengdevekst, men i kva grad og på kva måte har vore lite undersøkt.

Denne avhandlinga har som mål å undersøkja stabilitet av WHO Infant and young child feeding (IYCF)-indikatorar og dessutan samanhengar mellom næringsstoffinntak, EED og lineær vekst.

Metode

Analysane er baserte på data frå 231 barn i alderen 9–24 månader frå Bhaktapur, Nepal inkludert i MAL-ED studien. IYCF-indikatorar og om det var tilstrekkeleg med næringsstoff vart undersøkt ut frå månadlege 24-timars kostintervju.

Vekt og høgd vart målt månadleg. Fekale markørar for EED (alfa-1-antitrypsin (AAT), myeloperoxidase (MPO) og neopterin (NEO)) vart målte i fecesprøver og samla inn kvar tredje månad, medan laktulose:mannitol (L:M) ratio vart målt i urin samla inn ved 15 månaders alder.

Stabilitet for IYCF-indikatorar vart undersøkt med Cohen’s weighted kappa og Generalized estimating equations (GEE)-modellar.

Samanhengar mellom fekale markørar og lineær vekst vart undersøkt med lineær regresjon og GEE-modellar og samanhengar mellom inntak av næringsstoff og fekale markørar med GEE-modellar.

Resultat

Inntak av mat rik på jern eller vitamin A vart registrert berre ved ein tredel av kostintervjua. Stabiliteten var moderat for talet på matgrupper i tilleggskosten og måltidsfrekvens og låg for inntak av mat rik på jern og vitamin A.

Tilstrekkelegheita av næringsstoff var svært låg, og særleg for jern, sink, kalsium, vitamin A og niacin.

Samanhengar mellom fekale markørar og tre-månaders lengdevekst var svake med få signifikante funn, med unntak av MPO og ein EE-skår berekna ut frå alle tre fekale markørar.

I hovudsak negative, men svake samanhengar vart også avdekte mellom inntak av næringsstoff og fekale markørar og L:M ratio.

Me fann signifikante samanhengar mellom kalium, magnesium, fosfor, folat og vitamin C og MPO og mellom sink, kalsium, kalium, magnesium og fosfor og prosent laktulose.

Konklusjon

Låg stabilitet for IYCF-indikatorar og låg tilstrekkelegheit av næringsstoff understrekar viktigheita av intervensjonar for å forbetra praksisen rundt tilleggskost.

Bruken av fekale markørar for å beskriva samanhengar mellom EED og lineær vekst og effekten av auka inntak av næringsstoff for å betra EED bør undersøkjast vidare i framtidige studiar.