Marte Høiby er tilsett ved Institutt for journalistikk og mediefag og forsvarer si avhandling i doktorgradsprogrammet bibliotek- og informasjonsvitskap.
Prøveforelesing
Fredag, 13. desember 2019, kl. 10-10.45. Tema for prøveforelesing :
"Ei evaluering av teoretiske og historiske akademiske perspektiv på kvifor journalistar er i risiko og kvifor den risikoen aukar".
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga fredag 13. desember 2019 kl. 12.00 - 15.00.
Tittel på avhandlinga: "Journalistikk under press – Ei tverrnasjonal studie av vald mot presse og journalisttryggleik".
Komité
- Førsteopponent: Professor Jackie Harrison, Universitet i Sheffield
- Andreopponent: Professor Simon Cottle, Universitet i Cardiff
- Leiar av komiteen: Førsteamanuensis Terje Colbjørnsen, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
- Dekan Ann-Helén Bay, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Rune Ottosen, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Professor Kristin Skare Orgeret, OsloMet – storbyuniversitetet
Samandrag
Denne avhandlinga presenterer ei gransking av dei truslane og farene journalistar vert utsett for i samband med dekning av krig og konflikt, og andre sensitive saker. Ho legg særleg vekt på fenomenet 'pressevald', og søkjer å utvikle kunnskap som kan bidra til å ta vare på journalistar si tryggleik.
Gjennom intervju med over hundre konfliktreporterar og redaktørar i sju land – Nepal, Nicaragua, Nigeria, Filippinane, Tunisia, Uganda og Noreg – byggjer eg forskinga på oppfatningar og erfaringar frå profesjonsutøvarar som arbeider i felt.
Leia av kritisk-realistisk filosofi og Grounded Theory metodologi har eg prøvd å utforske og forklare korleis truslar og fare varierer, korleis journalistar og redaktørar prøver å ta vare på eiga tryggleik og korleis tryggleiksproblem påverkar journalistisk praksis.
Eg har spesielt fokusert på vald og fiendskap retta mot journalistar på grunn av arbeidet dei gjer. Målet med ein slik kategorisering er å kaste lys over skilnader i truslar mot journalistar og bidra til kunnskap om pressevald som kan informere tiltak for journalistar si tryggleik i framtida.
Dersom det journalistiske oppdraget og tryggleiken knytt til det er så avhengig av individuelle eigenskapar og praksis, organisatoriske rutinar og lokale variasjonar i sosiale system (eller mangelen på det), tyder det på at meir forsking og intervensjon er naudsynt for å møte krava og kostnadene til tryggare journalistikk i framtida.