Disputas: Marthe Berg Andresen Reffhaug

Marthe Berg Andresen Reffhaug forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Du kan følge prøveforelesinga og disputasen digitalt (oslomet.zoom.us).

Webinar ID: 618 6310 5883 

Passord: 06122024 

Tittel på prøveforelesinga: “Kritisk tenkning på barnetrinnet - hvilken rolle spiller samfunnskritikken?”

Tittel på avhandlinga: "Kritisk tenking i arbeid med berekraftstema på barnetrinnet: Teoretiske og empiriske forståingar gjennom et designbasert forskingsprosjekt".

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utvikling, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet. 

Hovudrettleiar er professor Kirsti Marie Jegstad, OsloMet. Medrettleiarar er førsteamanuensis Emilia Andersson-Bakken, OsloMet og professor Margareth Sandvik, OsloMet. 

Samandrag

I avhandlinga si undersøker Marthe Berg Andresen Reffhaug lærarar si forståing av kritisk tenking, nærare bestemt korleis lærarar på barnetrinnet utviklar si forståing av det å tenkje kritisk gjennom deltaking i eit forskingsprosjekt, korleis kritisk tenking kan bli fremma i heilklassesamtalar om berekraftstematikk, samt korleis ulike teoretiske posisjonar gir innsikt i moglegheiter lærarar har til å utvikle elevane sine evnar til kritisk tenking. 

Avhandlinga er tilknytta prosjektet Kritisk tenking i barneskulen (KriT). KriT er eit design-basert forskningsprosjekt (heretter: DBR etter design-based research), som følgde 16 lærarar og elevane deira på to urbane barneskuler i eit og eit halvt år. 

Avhandlinga har tre empiriske artiklar og ein teoretisk. Dei empiriske artiklane viser lærarane si forståing av kritisk tenking på starten, gjennom og mot sluten av prosjektperioden, slik at dei gir ei innsikt i korleis lærarane utviklar si forståing av kritisk tenking. 

Den teoretiske artikkelen viser ein modell for kritisk tenking i miljø- og berekraftsutdanning, og reflekterer over korleis ulike teoretiske posisjonar opner for ulike måter å forstå kritisk tenking i miljø- og berekraftsutdanning. 

Hovudkonklusjonen i avhandlinga er at lærarar treng innsikt i ulike konseptualiseringar av kritisk tenking, og korleis desse kan bli nytta i undervisning i berekraftstematikk, slik at dei i større grad kan leggje til rette for at elevane utviklar sine evner innanfor dette. I tillegg konkluderer avhandlinga med at lærarane si deltaking i KriT-prosjektet utviklar deira forståing. I tillegg visar avhandlinga nytenkande refleksjonar om undervisning i kritisk tenking i miljø- og berekraftsutdanning.