English version

Disputas: Madeleine Dutoit

Madeline Dutoit forsvarer si avhandling i ph.d.-programmet i Bibliotek- og informasjonsvitskap.

Tittel på avhandling: "Vi utvekslar data heile tida. Eit case-studie om datakonseptualisering og datadeling av forskarar i konteksten av opne datapolicyar."

Les meir om disputasen på den engelske nettsida. 

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga i Biblioteks- og informasjonsvitskap undersøkjer korleis forskarar handterer og deler forskingsdata, i lys av eksterne krav til datadeling. Studien baserer seg på ei tverrfagleg, multinasjonal forskargruppe i naturvitskap, som møtte krav om å dele data via EU's rammeprogram Horizon 2020. Ved hjelp av intervju, observasjonar og dokumentanalyse, har avhandlinga som mål å forstå korleis datadeling er ein del av forskarpraksisen.

Resultata viser eit komplekst perspektiv på kva data er, med ein felles forståing av data som målingar, eksperimentelle resultat og maskin-genererte fenomen. Likevel vart termen 'data' brukt fleksibelt i det daglege arbeidet. Forskarane uttrykte motstand mot krava frå datapolicyen, sidan dei opplevde dei som meininglause samanlikna med deira noverande praksis. Datadeling vart sett på som meiningfullt når det passa inn i velfunderte rutinar som hadde utvikla seg ut frå deira behov og prioriteringar.

Avhandlinga konkluderer med at krava frå datapolicyen hadde liten innverknad på korleis forskarane hadde tenkt å dele data med andre. Dette stiller spørsmål ved effektiviteten til datapolicyar, sjølv om deira langsiktige tyding ikkje kan sjåast bort frå.

Innsikta frå avhandlinga er verdifull for beslutningstakarar, forskingsfinansiørar og forskarstøttande yrkesgrupper, som treng å forstå korleis forskarar ser på data og datadeling når dei utviklar retningslinjer for overgangen mot open vitskap.