Tittel på prøveforelesing: Korleis kan praksisteori brukast for å utforske relasjonar mellom digitalisering og kvalitet i sosialt arbeid?
Disputas
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00
Komiteen
- Første opponent: Førsteamanuensis Kettil Nordesjö, Malmø universitet
- Andre opponent: Førsteamanuensis Maria Røhnebæk, Høgskolen i Innlandet
- Tredje opponent: Førsteamanuensis Hilde Anette Aamodt, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen
Prodekan for forsking og innovasjon, Agnete Vabø, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet
Rettleiarar
- Hovudrettleiar: Professor Randi Wærdahl, OsloMet – storbyuniversitetet
- Medrettleiar: Professor Mona Jendahl Fineide, Høgskolen i Østfold
- Medrettleiar: Førsteamanuensis Heidi Arum Hansen, Høgskolen i Østfold
Samandrag
Denne avhandlinga studerer korleis auka bruk av digitale verktøy og medium endrar den barnevernsfaglege profesjonsutøvinga i Noreg. Avhandlinga er kvalitativ og baserer seg på fokusgruppeintervju, individuelle intervju og analyse av offentlege styringsdokument. Resultata viser at mangel på profesjonelle normer og rammer for bruk av digitale verktøy og medium skaper ulike utfordringar og dilemma i barnevernet.
Barnevernsansatte utviklar eigne mestringstrategiar, der bruken av digitale verktøy først og fremst blir styrt av deira eigne, private preferansar. Funnene viser også ein utstrekt bruk av sosiale medium for å søke opp informasjon om klientar. Studien viser at klientar ikkje er klar over at barnevernsansatte søker opp informasjon om dei på nett, og at enkelte klientar trekker seg heilt vekk frå digital kommunikasjon med barnevernet på grunn av ei oppleving av digital overvaking.
Avhandlinga diskuterer korleis auka digitalisering kan påverka maktforholda mellom barnevernet og klientane, og korleis innskrenking av skjønnsrommet for barnevernsansatte utfordrar ideologien om likebehandling og individuelt tilpassa tenester.