Les meir om disputasen på den engelske nettsida.
Samandrag
Avhandlinga undersøker tvungne forsvinningar, oftast utført av statlege aktørar, og korleis dei pårørande leitar etter informasjon om dei forsvunne, ofte med hjelp av NGO-ar. Arbeidet inkluderer ein studie av informasjonssøkjingsprosessen til familiane, og korleis informasjonspraksisar utviklar seg for å overvinne hindringane dei møter.
Forskingsarbeidet baserer seg på tre artiklar. Den første fokuserer på dei personlege samlingane pårørande etablerer med bistand frå NGO-ar, og konseptualiserer desse som ein del av menneskerettsarkiv. Den andre ser på søkeprosessen og rolla til NGO-ar i å rettleie aktivisme og bevare dokumentasjon. Den tredje er ei case-studie om etableringa av eit personleg arkiv, kva det betyr, og korleis det blir brukt til ansvarleggjering og som minnesmerke.
Avhandlinga understreker byrda dei pårørande har ved å måtte bevise at eit brotsverk har skjedd, spesielt når statlege aktørar nektar å etterforske. Ho viser korleis pårørande sin dokumentasjon blir brukt av NGO-ar og i overgangsrett-mekanismer, og korleis pårørande deler kunnskap med lokalsamfunna.
Hovudbidraget til avhandlinga er konseptualiseringa og merksemda mot opprettinga av personlege arkiv - dei forsvunne sine arkiv. For informasjonsstudium bidrar avhandlinga ved å setje sentrale omgrep i ein ny kontekst, og viser samanhengen mellom ansvarleggjering og informasjonssøking og -bruk i situasjonar med menneskerettsbrot. Avhandlinga sitt praktiske bidrag er å belyse dokumentasjonsarbeidet pårørande gjer, og rolla til NGO-ar. Ho viser også potensialet til ikkje-institusjonell dokumentasjonsforvaltning.