Meir om denne disputasen finn du på den engelske sida.
Samandrag av avhandlinga
Tittel på avhandlinga: "Exploring gut microbiota as biomarkers for colorectal neoplasia: Insights gained from Norwegian cohorts using colonic biopsies and fecal samples."
Kolorektal kreft (KRK) er ein kompleks sjukdom som blir påverka av ulike faktorar, og blant desse er det grunn til å tru at bakteriane i tarmen har ei betydning. For å forstå korleis desse mikroorganismane bidreg til kolorektal kreft er det nødvendig å undersøkje bakteriesamansetninga i ulike fasar av KRK-utviklinga.
I dette arbeidet har vi undersøkt samansetninga av tarmbakteriar både i tarm-biopsiar og i fekale prøver frå tre ulike grupper: kreftpasientar, pasientar med adenomatøse polyppar og friske individ.
Funna våre viste mykje høgare nivå av bakteriar som stammar frå munnhòla, inkludert Fusobacterium spp., i prøver frå kreftpasientar. Ei anna gruppe bakteriar, inkludert Phascolarctobacterium spp., var auka i adenomatøse polyppar. qPCR-analyser retta mot bakteriar frå begge gruppene vart etablerte og grundig evaluerte.
Funna våre støttar at tarmens mikrobiota potensielt kan nyttast som biomarkørar for kolorektal neoplasi, og indikerer at fekale prøver kan brukast som ikkje-invasivt materiale for å påvise desse bakteriane. Vidare undersøking med større kohortar vil vere nødvendig for å evaluere potensialet til desse bakteriane som ikkje-invasive biomarkørar for kolorektal kreft, og dessutan å evaluere potensialet til dei foreslåtte qPCR-analysene.