English version

Disputas: Vidar Bakkeli

Vidar Bakkeli disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Implementering av evidensbasert aktiviseringsarbeid, ein studie av individuell jobbstøtte i Arbeids- og velferdsforvaltningen".

Les meir om disputasen på den engelske nettsida. Du kjem dit ved å klikke på "English version" øvst på denne nettsida.

Samandrag

Denne avhandlinga undersøkjer korleis den evidensbaserte intervensjonen Individual Placement and Support (IPS) blir implementert i aktiveringstenester i NAV-kontor. Gjennom intervju og feltarbeid blir det sett på teamleiarar, aktiveringsarbeidarar og brukarane sine perspektiv.

Avhandlinga peikar på at implementering ikkje er ein lineær prosess, men heller eit dynamisk samspel der aktørane tolkar intervensjonen og kombinerer den med profesjonell kunnskap. Intervensjonen kan både avgrense og mogleggjere nye praksisar, og bidrar til fleksibel, individualisert oppfølging.

Tre hovudbidrag blir fremja. Først viser avhandlinga at implementering er omdiskutert, tolkande og interaktivt arbeid, der teamleiarar og aktiveringsarbeidarar tolkar intervensjonen i lys av lokale utfordringar. For det andre viser avhandlinga at evidensbaserte intervensjonar kan revitalisere profesjonelle praksisar prega av sosialt arbeid-prinsipp. For det tredje viser avhandlinga korleis intervensjonen er avhengig av dyktige praktikarar og teamleiarar som løyser daglege utfordringar gjennom å kombinere intervensjonen med andre kunnskapsressursar.

Avhandlinga bidreg til å nyansere oppfatninga om evidensbaserte intervensjonar og profesjonelle praksisar i førstelina. Den peikar på at implementeringsprosessar bør opne for fleksibilitet og tilpassing, og at ein bør sikte mot ein mellomposisjon som tek omsyn til dei dynamiske og komplekse prosessane som oppstår når evidensbaserte intervensjonar blir implementert i praksis.