Elektrodagen 2025

Velkommen til Elektrodagen, eit samarbeid mellom yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet og aktørar innanfor elektro og datateknologi.

Elektrodagen blir arrangert av OsloMet i samarbeid med Fylkeskommunane i Akershus og Oslo.  

Program

Påmeldingsfrist 1. april 2025 

Meir om programmet

Praktiske eksempel, praktiske utfordringar - kva kan vi lære av kontroll og eltakst og korleis bruke det i opplæringa?

Ved: Pål Ivarsøn Brun-Hansen, Elkompetanse og Mepro AS

Kontrollar og takseringar gir oss eksempel, erfaringar og beskriv utfordringar og feil i norske installasjonar. Vi ønsker denne gongen å arbeide grundigare med årsaker til feil, moglege årsaker, gi gode forklaringar og eksempel.

  • Korleis gjere gode risikovurderingar før og under installasjon som minskar feil over tid?
  • Kor oppstår t.d. eigentleg serielysbogar, farleg berøringsspenning og korleis hinder det?
  • Kva i sluttkontrollen bør ha eit spesielt fokus og kvifor? Kom gjerne med konkrete innspel!
  • Kva konsekvensar bør dette ha for opplæring i skole, læretid og for oppdateringa i bransjen? 

E-kom, lov og regelverk og dagens moglegheiter og utfordringar.

Ved: Finn-Arne Johansen, NKOM

E-kom er viktig både samfunnet, for folk og næring. Dei fleste fagfolk har E-kom som ein viktig del av yrket. Denne gongen oppdaterer vi på betydninga og utfordringar knytte til E-kom både generelt og konkret i forhold til arbeidsområda våre.

Vi får ei oppdatert oversikt over E-kom-området, lov- og regelverk og nyheiter i E-kom-lova frå 2024.

Vi ønsker også spørsmål og erfaringsutveksling for kva betydning dette skal ha for fagfolk, opplæring og oppdatering.  

Kontakt

Laster inn ...