spill

Fersk forsking frå studentar

Er du nysgjerrig på kva grunnskolelærarstudentar skriv masteroppgåve om? Kom og høyr om fersk forsking alt frå spel om multiplikasjon, via uteskole til datasimulering.

Denne dagen står avgangsstudentar frå grunnskolelærarutdanninga trinn 1–7 og trinn 5–10 klare til å fortelje om masterprosjekta sine.

Det er organisert som ei messe, der kvart masterprosjekt har ein eigen stand, så publikum kan gå rundt, kikke og snakke med studentane. 

Det er oppgåver frå mange ulike fag, mellom anna naturfag, byrjaropplæring, musikk og pedagogikkfordjuping.

Representantar frå både det akademiske og det entreprenørielle masteroppgåveformatet er til stades.

På messa vil du møte studentar som har utvikla eit kurs for å lære elevar å spele på ukulele. Fleire av studentane har laga eigne bøker, skreddarsydde for å møte utfordringar i skolane. Det er ressursar for lærarar om mellom anna uteskole. I tillegg kan du sjå multiplikasjonsspel og kanskje møte ein polarrev. 

Det er høve til å snakke med studentane om prosjekta deira: Kva slags metodar har dei brukt? Korleis har datainnsamling og analyse gått føre seg? Korleis er det eigentleg å gjennomføre ei masteroppgåve? Kva slags tips har dei erfarne studentane å gi til dei som står på trappene til å velje seg tema og metode i masteroppgåva?

Vi oppmodar særleg  fjerdeårsstudentar til å komme for å få inspirasjon.

Det blir servert kaffi og kake.

Velkommen til mastermesse!
 

Kontakt

Laster inn ...