Illustrasjonsbilete av studentar på studiestad Pilestredet.

Forskarutdanning i lærarutdanningane – rekruttering frå eigne rekker

Vi har gleda av å invitere til eit lunsjseminar med fagleg relevans for dei som er opptekne av utviklinga av forskingskompetansen til studentane, rekruttering til ph.d., og generell kvalitetsutvikling i lærarutdanningane.

Dette inkluderer å sjå på moglegheiter for å rekruttere kandidatar til p.hd.-utdanning frå eigne rekker, spesielt etter fullført femårig lærarutdanning.

Frist for påmelding ved fysisk deltaking er 30. oktober. 

Arrangementet blir også strøymt.

For deg som deltek digitalt 

Program

11.00-11.15: Enkel lunsjservering. Lunsjen kan nytast undervegs i seminaret.

11.15-11.20: Velkommen ved Sølvi Mausethagen, prodekan for forsking og utdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI), OsloMet og Annette Hessen Bjerke, leiar for ph.d.-programmet i utdanningsvitskap for lærarutdanning, OsloMet.

11.20-11.50: Ph.d. etter lærarutdanning. Inntakskvalitet og arbeidslivsrelevans. Innlegg av professor Rune Krumsvik frå Universitetet i Bergen, leiar for Nordisk Forskerskole for Utdanningsforsking.

11.50-12.15: Forskarlinja for grunnskolelærarstudentar på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Presentasjon ved førsteamanuensis Hege Eikeland Tjomsland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag ved HVL og Espen Søreide Dyngeland, tidlegare forskerlinjestudent og no stipendiat ved HVL.

12.15-12.20: Kort beinstrekk og påfyll av kaffi. 

12.20-12.45: Presentasjon av FoU-søyla ved grunnskolelærarutdanninga, OsloMet ved førsteamanuensis Dragana Surkalovic og studieleiar Gørill Warvik Vedeler.

12.45-13.00: Spørsmål og kommentarar.

Målgruppe

Seminaret er spesielt retta mot fagleg tilsette som rettleier masterstudentar innan lærarutdanning, og/eller som rettleier eller ønsker å rettleie p.hd.-kandidatar.

Seminaret er finansiert av UHR-Lærerutdanning (fagstrategisk eining for lærarutdanning i Universitets- og høgskolerådet), og er meint som ein møteplass og samarbeidsarena på tvers av institusjonar.

Kontakt - faglege spørsmål

Laster inn ...

Kontakt - spørsmål om påmelding

Laster inn ...

Sjå også

Arrangementet på Facebook: Forskarutdanning i lærarutdanningane – rekruttering frå eigne rekker (facebook.com).